NRK Meny
Normal

– Me må spela som mot Sarpsborg

Brann-trenar Lars Arne Nilsen er klar på at det blir siger mot Bærum dersom dei følger opp Sarpsborg-kampen.

Brann-trener Lars Arne Nilsen

TRUR PÅ SIGER: Lars Arne Nilsen håpar Brann klarer å spela lika godt mot Bærum som dei gjorde i cupkampen mot Sarpsborg 08 denne veka.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Den beste kampen me har spelt etter at eg kom er heilt klart mot Sarpsborg. Då møtte me jo ein tippeligamotstandar. Me skapa omlag ni målsjansar, og slepte berre til to, så me spela ein veldig god kamp. Men me greier dessverre ikkje å få mål, seier Nilsen.

På måndag er det ny kamp i førstedivisjon. Då skal Brann møta Bærum borte.

– Bærum blir ein veldig tøff kamp. Det er måndagskamp og ei kunstgrasbane litt utanfor hovudstaden. Då må me visa at me har karakter, at me klarar å skapa det samme som me gjorde på heimebane mot Sarpsborg. Då kan me slå Bærum også.

Nedtur mot Sogndal

– I løpet av dei fem kampane eg har vore her så er det kampen mot Sogndal som skil seg negativt ut. Der bomma me litt på inngangen av kampen, og me er ikkje gode nok til å snu det, seier Nilsen.

Midtstoppar Jonas Grønner seier at berre siger er godt nok på måndag.

Jonas Grønner

SKAL RYKKA OPP: Jonas Grønner er klar for å ta Brann til topps.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det er mykje bra å bygga vidare på frå kampen mot Sarpsborg. Det blir skummelt for Bærum på måndag om me greier det.

Og målet er klart for forsvarsspelaren.

– Me har sagt at me skal rykka opp og det må me stå for. Den jobben byrjar med tre poeng mot Bærum på måndag.

Trivst godt

Nilsen er godt fornøgd med korleis han har blitt teke i mot så langt.

– Det er ein fantastisk gjeng. Me har eit fantastisk støtteapparat som gjer alt dei kan. Eg synest gutane forsøker å jobba med dei nye tinga som eg har prøvd å få inn. Eg ser framgang frå veke til veke. Frå hausten håpar eg at me verkeleg kan spela god fotball og vinna kampar.

No vert det siste innspurt før ferien for brannlaget.

– No er det to kampar inn mot ferien der me verkeleg må ta eit skippertak og jobba steinhardt for å få me oss eit bra resultat, sånn at me har eit god utgangspunkt for haustsesongen, seier Nilsen.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.