NRK Meny
Normal

– Me har tatt pant i dei verdiane han har

Den underslagssikta mannen i 50-åra har erkjent straffskuld for alle forholda. Bergen kommune krev over 5,6 millionar kroner i erstatning.

Bergen rådhus

KREV ERSTATNING: Bergen kommune har lagt fram eit erstatningskrav på over 5,6 millionar kroner. – Me vil sjå på om det er verdiar han har som me kan få tilgang til, seier kommunaldirektør Robert Rastad.

Foto: Runa Victoria Engen

Over ein periode på ti år skal den tidlegare mellomleiaren i Bergen kommune ha underslått eit beløp på mellom fem og seks millionar kroner. Det var BT.no som fyrst omtalte saka.

BAKGRUNN: Ansatt i kommunen underslo for millioner

Advokat Kai Inge Gavle

– HAN ERKJENNER ALT: Forsvarar Kai Inge Gavle seier den underslagssikta 50-åringen erkjenner straffskuld for alle forholda.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Saka er ferdig etterforska. Han har erkjent straffskuld for alle forholda, seier forsvarar Kai-Inge Gavle til NRK.

Bergen kommune har komme til at mannen har underslått ein sum på 5.630.015 kroner. Politiet har rekna seg fram til eit noko høgare beløp, men det er denne summen kommunen krev erstatning for.

– Han har ikkje finrekna på dette sjølv, men erkjenner stoda uansett om det blir det eine eller andre beløpet, seier Gavle.

Tilstår underslaget

Saka kjem opp som ei tilståingssak. Det vil seie ei enkel behandling i retten utan vitneførsel. Sidan den sikta tilstår utan atterhald kan han få ein strafferabatt på mellom 15 og 30 prosent.

Robert Rastad

– Me vil sjå på om det er verdiar han har som me kan få tilgang til. Teoretisk sett vil dei eigedelane han har kunne bli dratt inn, seier kommunaldirektør Robert Rastad.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Etter det NRK kjenner til skal mellomleiaren ha brukt dei meste av pengane på pengespel.

Kommunaldirektør i Bergen kommune Robert Rastad seier dei vil prøve å få inn pengane gjennom å ta pant i dei verdiane den sikta har.

– Me vil sjå på om det er verdiar han har som me kan få tilgang til. Teoretisk sett vil dei eigedelane han har kunne bli dratt inn.

LES OGSÅ: – Bergen kommune har hatt for dårleg kontroll

Kommunen fekk refs i PWC-rapport

Rastad seier kommunen merka det manglar inntekter i løpet av tiårsperioden då underslaga skjedde.

– Det var nokre tilfelle der me etterspurde inntekter frå tredjepartar. Dette fekk me plausible forklaringar på. Men som rapporten frå PWC syner, har me ikkje brukt nok energi på å sikre inntektsstraumen.

I oktober kom nemleg rapporten frå PWC som konkluderer med at Bergen kommune har hatt for dårleg kontroll med inntektene

Rastad viser til at rapporten også slår fast at kommunen har hatt god kontroll på kostnadskontroll og innkjøp.

– Men i tilfelle der kommunen skal ha inn pengar frå ein tredjepart, som når me leier ut ein kommunal grusplass til parkering, har me ikkje hatt kontrollar tidlegare. No skal me sjå på dette også, seier kommunaldirektøren.

LES OGSÅ: Kan ta uker å avdekke omfanget av underslaget

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.