Hopp til innhold

– Me har skapt politisk historie

Miljøpartiet Det Grøne har fått sitt definitive gjennombrot i Hordaland. Partiet ligg an til å få 21 mandat i kommunestyra i fylket. 19 fleire enn ved førre val.

Sondre Båtstrand

Førstekandidat for Miljøpartiet Det Grøne i Bergen, Sondre Båtstrand, følger spent med på valresultata, som viste seg å vera svært gode for partiet.

Foto: JON BOLSTAD / NRK

Vallogo

– Kjære alle saman, i dag har me verkeleg skapt politisk historie, sa førstekandidat i Bergen Sondre Båtstrand på valvaka til Miljøpartiet Det Grøne i natt.

15 år med jobbing for dei grøne verdiane. Seint tysdag kveld kunne partileiaren konstatera at MDG har fått sitt gjennombrot. Ikkje berre i Bergen men i resten av Hordaland.

– Det er klart dette er eit gjennombrot. MDG har i Hordaland stilt seks kommunelister tidlegare, no brakar me inn i kommunestyra i heile Hordaland, og over heile landet, seier partiets toppkandidat i fylket Tom Sverre Tomren.

21 mandat

Dei Grøne kan jubla over innsteg i ei rekke kommunar i Hordaland. I kommunar som Kvam og Osterøy får partiet høvesvis fem og nesten sju prosent. Totalt ligg dei an til 21 mandat i kommunestyra i Hordaland. I Fylkestinget får dei tre plassar, to fleire enn ved sist val.

Partiet ser ut til å få representantar i 14 kommunar i Hordaland. Her er talet på mandat i dei ulike kommunane:

  • Meland: 2
  • Bergen: 4
  • Lindås: 1
  • Os: 2
  • Voss: 2
  • Osterøy: 2
  • Fjell: 1
  • Askøy: 1
  • Vaksdal: 1
  • Kvam: 1
  • Samnanger: 1
  • Stord: 1
  • Kvinnherad: 1
  • Sveio: 1

Miljøpartiets Sondre Båtstrand har en festaften i kveld.

VIDEO: Sjå intervjuet med Sondre Båtstrand på valgvaka til MDG tysdag kveld.

– Mykje letting

I dag startar kampen om posisjonar. For MDG byrjar ei ny verkelegheit.

– Plutseleg sitt me i kommunestyra rundt om i landet. Fleire av dei 22 kommunelistene som me stiller her i fylket skal no inn i kommunestyra, sa Båtstrand.

– Det er mykje letting og glede, folk har stått på som heltar dei siste vekene, sa Båtstrand til NRK etter at førehandsstemmene var talt opp.

– I mange kommunar i Noreg har Dei Grøne no kome inn i politikken. Dette er utruleg kjekt og eit nasjonalt gjennombrot.

For Båtstrand er det ein ting som tel når kabalen om byrådsmakt no skal leggast.

– Me vil samarbeida med dei som gjer mest utteljing på miljøpolitikken. Det har me vore klar på heile vegen.