Hopp til innhold

– Me har eit godt samarbeid i byrådet i Bergen

Det har storma rundt byrådet i Bergen denne veka. Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen meiner byrådsmedlemmene samarbeidet godt og ho er klar på korleis dei skal få fred og ro igjen.

Ragnhild Stolt-Nielsen

SNAKKA SAMAN: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen meiner det å snakka saman er viktig for at samarbeidet i byrådet skal fungera.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Natt til måndag kunngjorde Gunnar Bakke (Frp) at han trakk seg frå stillinga som kulturbyråd . Bakgrunnen skal ha vore ei personkonflikt som var relatert til ein bybanerapport Frp bestilte utan å informera dei andre partia i byrådet.

Frp i Bergen bestemte seg for å bli verande i byrådet etter at Bakke gjekk av. – Det er ei konflikt mellom to personar, ikkje mellom to parti, forklarte FrP gruppeleiar Tor Woldseth dette med .

Gunnar Bakke

GJEKK AV: KULTURBYRÅD: Måndag gjekk Gunnar Bakke av som byråd for kultur, næring, idrett og kyrkje. I 2007-2011 var han ordførar i Bergen kommune.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen er ansvarleg for kulturbyråden sine oppgåver fram til ein ny byråd er på plass, og det kan ta tid.

– Veke prega av kjensler

Byrådsleiaren var gjest i Vestlandsrevyen fredag kveld, og fortalde då at ho såg fram til helg og det å få lada batteria saman med barna sine.

– Det er klart at det har vore ei veke prega av kjensler, prega av eit behov for å ordna opp, for å stå for det me har gjort. Men ikkje minst også ei veke der ein tar omsyn til at politikarar er også menneske, seier Stolt-Nielsen.

Ho meiner medlemmene av byrådet i Bergen har eit godt samarbeid.

– Me er einige om store visjonar for Bergen, det er mykje me har lyst til å gjera, og det gjeld å retta blikket framover og finna dei gode løysingane.

– Korleis er då dei personlege relasjonane mellom byrådsmedlemmene?

– Dei personlege relasjonane mellom byrådsmedlemmene er veldig gode, me snakkar godt saman, me tenker framover. Det har vore ei veke som byrja litt turbulent, som alle har fått med seg, men for min del har det også vore ei veke der eg har fått lov å vera med på mykje som er veldig hyggeleg. Tysdag fekk eg snakka til alle leiarane på skule- og barnehagefeltet.

Vil ikkje gå inn på samtalen med Bakke

Ragnhild Stolt-Nielsen

VESTLANDSREVYEN: Ragnhild Stolt-Nielsen var gjest i Vestlandsrevyen fredag kveld.

Foto: NRK

Som byrådsleiar må ein gjera det ein synest er nødvendig for at byen skal utvikla seg på ein god måte, seier Stolt-Nielsen om prosessen som førte fram til møtet mellom henne og Gunnar Bakke.

– Eg har ikkje lyst til å gå inn på den samtalen som gjekk føre seg mellom Gunnar Bakke og meg, og eg vil kanskje nå nytta høve til å minna om at Gunnar Bakke har gjort ein fantastisk innsats for denne byen gjennom i mange år, både som ordførar og som byråd. Men av og til må ein gå vidare.

– Korleis tenker du ein skal få fred og ro igjen?

– Me skal snakka godt saman, me skal ha fokus på det store prosjektet me har, som er å utvikla Bergen til ein endå betre by å bu i.

– Korleis skal de få samarbeidet til å fungera?

– Då må me snakka meir saman og så må me vera einige om kva som er den beste vegen vidare, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.

LES OGSÅ : Bakke får pes for å ha gjort for lite