NRK Meny
Normal

– Me håper det er ein marknad for dette, ellers har me skutt oss sjølv i foten

Magnus og Julian satsa alt på eit økologisk suppekjøkken på Voss.

Magnus og Julian satsa alt på eit økologisk suppekjøkken på Voss.

SUPPEGRÜNDERAR: 50 kilo gulrøter må til når Magnus Mustad og Julian Ruiz skal laga vekas porsjon med økologisk suppe.

– No skal me skal laga cirka 100 liter søtpotet- og gulrotsuppe.

Det er full trykk og høgt temp på kjøkkenet til Organic Soup Company.

På den gamle låven på Finnegarden på Voss står gründerane Magnus Mustad og Julian Ruiz på sitt supermoderne kjøkken og er godt i gang med dagens produksjon av organiske supper.

– Me skal ha oppi litt chili, koriander, persille og kokosmjølk, seier Julian.

Oppdaga kva folk vil ha

Det var han som hadde ideen til Organic Soup Company. Han er spansk-filippinsk og kom til Voss i 2008.

Her jobba han som sommarkokk på Voss vandrarheim, og vart raskt glad i bygda. Etter fire år jobbing på Tre Brør Cafe, ville han starte noko nytt – og han oppdaga raskt kva folket ville ha:

– Supper!

– Me selde suppe på Tre brør i 2013, og etter det spurte mange om eg kunne laga suppe til dei. Så då valte me å starta opp «suppekjøkkenet».

Høyr radioreportasjen:

Og suppe til folket, det skulle det blir, så i 2013 var han og medeigar Magnus i full sving med suppeproduksjon.

Organic soup company

UTSIKT: Dei to gründerane har sikra seg flott utsikt over Vangsvatnet frå kjøkkenet sitt på Finnegarden.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Lokale råvarer

– Me er eit lite firma som ønsker å nytta oss av lokale råvarer. Me har det meste av råvarene våre rett utanfor vindauga her på kjøkkenet på Finnegården. Alt er dyrka økologisk og alt blir prinsippet hakka for hand.

Dei to legg mykje prestisje i maten dei lagar.

– Me ønsker å formidla dei flotte økologiske lokale råvarene ute til folk i marknaden. Me ønsker å setta fokus på fordelane ved økologisk produsert mat, seier Mustad.

Med til saman tre tilsette, produserer og sel bedrifta i dag fem ulike supper, og har fått levert suppene sine til kjende arrangement og festivalar som Ski-NM, Vossajazz og Ekstremsportveko.

Suppe for alle

Kva er det med desse suppene?

– For det første er alle suppene handlaga, dei er glutenfrie og laktosefrie. Det er supper som alle kan eta, rett og slett.

Bedrifta sel suppene sine til fleire.

– Per i dag lagar me 100 liter i snitt kvar måndag og torsdag. Suppene vert levert i større spann til Tre Brør på Voss og Godt Brød i Bergen. No håpar me å få lansert eit produkt i porsjonar.

Dei kryssar fingrane for at ideen går an å leva av.

– Me håper det er ein marknad for det me gjer, ellers har me skutt oss sjølv i foten. Me har liksom satsa alt på dette, seier Ruiz.

Organic soup company

«Organic Soup Company» har tilsett tre personar. No håpar dei at suppene slår an.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.