Mann fall 50 meter ned fjellskrent

Fall ned fjellskrent under skogsarbeid i Hardanger. Sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Laster kart, vennligst vent...

Naudetatane fekk melding om fallulukka i Ulvik i Hardanger klokka 13.03.

– Det er ein mann som har falle ned 50 meter og ligg utilgjengeleg til i terrenget, forklarar operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet

Ulukka har skjedd i forbindelse med skogsarbeid på Salthella ved Osafjorden i Ulvik. Alle naudetatar er på staden. Ein luftambulanse på staden prøver å ta seg fram til vedkommande.

Ikkje alvorleg skadd

Kolltveit fortel at to personar har tatt seg ned til mannen og melder om at personen er vaken og klar.

– Meldinga til oss er at han ikkje er alvorleg skadd og at han skal vera i forholdsvis god form. Vi håpar å få han frakta til ein litt meir tilgjengeleg stad, slik at luftambulansen kan komme til.

Til Haukeland

Klokka 15.00 fortel politiet at luftambulansen har klart å henta opp den uheldige mannen. No vert han frakta til Haukeland sjukehus.

Mannen skal vera vaken og klar, men blir frakta til sjukehus for ein sjekk.

Siste video

Eit av landsets største gatekunst-bilete, problemferja på E39 og nedlegging av akuttkirurgi ved lokalsjukehus. Sjå meir i denne utgåva av Vestlandsrevyen. Programleiar: Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.
Kinsarvik skule vant Hordalandsfinalen i Klassequizen 2017.