Hopp til innhold

– Mann hang frå taket og ropte om hjelp

Dramatiske scener utfolda seg under brannen i Bergen. Tobias Schmidt ilte til då han såg naboen i desperat naud på taket av det brennande huset.

Brann i Bergen sentrum

Seks personar vart skadd og 22 personar vart evakuert då ein storbrann braut ut i eit smau med trehusbebyggelse i Bergen sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Seks personar vart skadd i storbrannen som byrja i Lille Øvregaten/Hamburgersmauet like etter klokka 22.30 torsdag kveld.

Området er høgt på lista til brannvesenet over brannsmitteområder i vestlandsbyen. Smauet ligg like ved inngangen til den nedste stasjonen til Fløybanen.

Tre personar er sendt til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader etter brannen, får NRK opplyst av politiet. 22 personar vart evakuert då brannen braut ut.

– Me rakk ikkje å tenka

Naboar fortel til NRK at det var tillaup til panikk i gatene då brannen braut ut. Augevitne som var først på staden fortel om dramatiske scener.

– Ting gjekk veldig fort. Vi merka det byrja å lukte svidd og så var det berre minutt før flammane stod ut av nabotaket her, fortel Tobias Schmidt.

Han er ein av dei næraste naboane til huset. Då brannen braut ut handla han og dei andre i huset på instinkt.

– Vi tok det aller mest naudsynte og kom oss ut.

Mann hang frå taket

Plutseleg oppdaga han ein mann på det brennande nabotaket som trengde umiddelbar hjelp. Frå taket og ned til brusteinen på gata er det fleire meter.

– Då handla alt om å hjelpa han så fort som råd. Vi måtte berre få han ned. Vi ordna til med ein søppelkontainer som han kunne lande på, fortel Schmidt.

Andre prøvde ifølge Bergensavisen og hente madrassar til hjelp, men turte ikkje lenger å opphalde seg i gata på grunn av den massive røyken.

– Han fekk ein trykk då han hoppa ned på søppelbøtta. Det var ingen god landing.

Laster Twitter-innhold

Storbrann i 2013

Det er ikkje avklart kor mange hus som har tatt skade av flammane. Huset det byrja å brenne i er totalskadd.

Også i april 2013 braut det ut fleire brannar samstundes berre nokre hundre meter lenger inn same gate. Ei kvinne innrømma seinare å ha tent på.

Brannvesenet har no kontroll på brannen i Lille Øvregaten/Hamburgersmauet og vil driva ettersløkking utover natta.

– Vi har sleppt billeg unna og er tilbake att i huset vårt, avsluttar Tobias Schmidt til NRK.