Hopp til innhold

– Maktskifte gir lite endring i kommunane

Partipolitikken har lite å seie for korleis kommunane blir drivne, ifølge UiB-professor. Innbyggarane bør dermed ikkje vente seg store endringar etter valet.

Aars

PROFESSOR: Jacob Aars meiner lokalpolitikarar har avgrensa makt.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Nokre trur lokalpolitikarane får til forandring, andre ikkje.

Det er gjerne høge forventningar til dei som nyleg har blitt stemt inn kommunestyra rundtom. Kanskje mest der kommunestyret har gått frå blått til raudt eller omvendt.

Meland er ein av 19 kommunar i Hordaland som har fått ordførar frå eit anna parti enn før valet.

Aars mener at innbyggerne ikkje bør ha forventninger til store omveltninger.

.

Ordfører Meland

TRUR PÅ ENDRING: Påtroppande Ap-ordførar, Øyvind Helland Oddekalv trur dei får til forandring.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Eg har tru på det nye kommunestyret, og at vi får til det vi ønsker å få til, seier Øyvind Helland Oddekalv.

Han er den nye ordføraren i Meland. Med han tek Ap over for Høgre som har styrt i 16 år. Det er mykje han gler seg til å ta tak i.

– Vi i Ap ønsker å ha eit særleg fokus på førebyggande arbeid blant barn og unge. For det føler vi har vore nedprioritert på grunn av den økonomiske situasjonen som Meland kommune har vore i, seier han.

Avgrensa av staten

Jakob Aars, er professor ved UiB. Han har mindre forventningar til kva lokalpolitikarar kan få til. Han meiner statleg styring legg sterke avgrensingar på lokalpolitikarane.

Det er viktig at vi ser kva som er mogleg, og ikkje ser oss blinde på avgrensingane.

Øyvind Helland Oddekalv (Ap), ny ordførar i Meland

– Det er mogleg å gjera endringar, men eit maktskifte betyr ikkje alltid så mykje som ein skulle tru.

Han forklarer dette med at lokalpolitikarane har eit nokså avgrensa handlingsrom.

Til dømes er det vanskeleg for ein kommune å drive eigen skattepolitikk ut over eigedomsskatten. I ein del velferdssaker er det også sterk statleg styring.

Nokre saker er partiavhengige

Men trass i lite handlingsrom i mange saker, er det særleg to saker der partifargen betyr noko lokalt.

Aars trekker fram spørsmål om barnehage. Der vil raude politikarar auke løyvingane til barnehage sektoren. Eigedomsskatten er ein anna, der vil også ofte partifargen ha noko å seie.

På Meland er den nye ordføraren likevel optimistisk.

– Det er viktig at vi ser kva som er mogleg, og ikkje ser oss blinde på avgrensingane, seier Oddekalv.