Hopp til innhold

– Ein alvorleg svikt

Kravet om politiattest for barnehagetilsette vert skjerpa – men utlendingar slepp derimot å levera attest frå heimlandet.

Illustrasjonsbilde barnehage

TRYGGE: Barn skal vera trygge i barnehagen. Difor må dei som jobbar der levera norsk politiattest, som viser at dei ikkje er dømd for vald og overgrep mot barn. FOTO: Illustrasjon

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Barn skal vera trygge i barnehagen. Difor må dei som jobbar der levera norsk politiattest, som viser at dei ikkje er dømd for vald og overgrep mot barn.

No foreslår Utdanningsdirektoratet ei innskjerping. Blant anna vert det foreslått at alle tilsette, sjølv i små vikariat som er kortare enn 14 dagar, må levera politiattest.

Trine Samuelsberg

SVIKT: – Dette er ein alvorleg svikt i systemet, seier Trine Samuelsberg, personal- og administrasjonsdirektør i Kidsa barnehagar i Bergen.

Foto: Siri Løken / NRK

Men fleire meiner endringa ikkje er streng nok.

– Vi har mange medarbeidarar som anten kjem frå eit anna land med ein annan opphav eller medarbeidarar som har arbeida eller budd i utlandet i fleire år, seier Trine Samuelsberg, personal- og administrasjonsdirektør i Kidsa barnehagar i Bergen.

– Ein alvorleg svikt

Utanlandske statsborgarar som søkjer seg til norske barnehagar slepp å levera politiattest frå heimlandet sitt.

Ifølgje Private barnehagers landsforbund gjeld dette truleg tusenvis av tilsette i norske barnehagar. Det er ein alvorleg svikt i systemet, meiner Samuelsberg.

– Etter mi meining ville det vore meir riktig å stille dei same krava også i forhold til dei medarbeidarane som det er for dei som bur her i Noreg, seier Samuelsberg.

– Uforståeleg

Og ho får støtte frå blant anna Private barnehagers landsforbund og Utdanningsforbundet.

Steffen Handal

BØR HA POLITIATTEST: – Alle som skal jobba i barnehagen bør ha den same type kontroll, seier nestleiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

– Alle som skal jobba i barnehagen bør verta underlagt den same type kontroll. Det bør krevjast politiattest frå andre land, seier nestleiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

– Kva tenkjer du om at det punktet ikkje er med i forslaget til ny forskrift?

– For meg så er det uforståeleg, seier Handal.

– Eg har forståing for at det kan vere vanskeleg fordi det er ulike rettsvesen og ulike strukturar i andre land, men samtidig så tenkjer eg at eit internasjonalt samarbeid bør opprettast i ei eller annan form, seier Samuelsberg.

– Er for krevjande

Ifølgje Utdanningsdirektoratet har ikkje dei høve til å foreslå ei slik endring.

– Det er for krevjande å forlanga politiattestar frå andre land, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Birgitte Jordahl.

Ho seier politiattestar frå fleire land ikkje tilfredsstiller dei norske krava.

– Dette vart behandla av Stortinget i 2013 og då vart det vedteke å ikkje innføre eit slikt krav. Grunnen er at det er ei rekkje land som ikkje gjev politiattestar, og dei vi får frå har ofte ikkje tilstrekkeleg med informasjon eller tilfredsstiller krava vi har. I tillegg så er arbeidet med å godkjenna dei utanlandske politiattestane veldig ressurskrevjande, seier Jordahl.

– Ein kan ikkje berre endre forskriftene, men det er kravd ei lovendring om ein skal endra dette, legg Jordahl til.