Hopp til innhold

– Litt mykje «King Kong»

Lars Sponheim blandar seg altfor mykje inn i lokalpolitikken, meiner mange kritikarar. Her er det litt mykje «King Kong», seier ordførar. Sponheim slår tilbake.

Lars Sponheim

Lars Sponheim får kritikk for å vera for mykje politikar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Etter berre eit halvt års tid som fylkesmann i Hordaland har tidlegare Venstre-leiar Lars Sponheim erta på seg mange lokalpolitikarar.

– For mykje politikar

Knut Hanselmann

Ordførar Knut Hanselmann kritiserer fylkesmann Lars Sponheim.

Foto: NRK

Fleire kritikarar meiner han ikkje har lagt vekk politikar-rolla og at han blandar seg altfor mykje inn i lokale saker.

Ein av kritikarane er ordførar Knut Hanselmann (Frp) i Askøy kommune. Han meiner Sponheim har gripe for mykje inn i arbeidet med ein reguleringsplan på Askøy.

– Her er det litt mykje «King Kong», seier Hanselmann.

Hanselmann seier Sponheim overprøver det lokale sjølvstyret.

– Eg har stor respekt for det lokale sjølvstyret, og det trudde eg han som venstrepolitikar også hadde, seier Hanselmann.

– Sjokkerte etter parkeringsutspel

Bergen Næringsråd og fleire sentrale politikarar i Bergen kom med skarp kritikk mot Sponheim då han i haust ville avgrensa talet på parkeringsplassar i sentrum.

– Våre medlemmar er sjokkerte og vantru over parkeringsutspelet, seier leiar i Bergen Næringsråd Marit Warncke.

Næringsrådet fryktar det blir vanskeleg å få til satsing i Bergen viss Sponheim får det som han vil.

Lars Sponheim ville tidlegare ikkje kommentera saka. Men no seier han til NRK at han berre gjer jobben slik jobben skal gjerast.

– Det eg seier og gjer er berre embetsoppdraget mitt, seier Sponheim.

Sponheim har blant anna engasjert seg i debatten om luftforureining i Bergen: Sjå video:

Video Sponheim kritiserer politikarane i Bergen

Kva meiner du? Blandar Sponheim seg for mykje inn i lokale saker, eller gjer han berre jobben sin som forlenga arm for staten?