– Legane har nok gjort sitt beste

Støtteapparatet og legane til Alexander Dale Oen har gjort sitt beste, meiner hjartelege på Haukeland.

Alexander Dale Oen

HJARTEINFARKT: Alexander Dale Oen døydde av hjarteinfarkt, viser obduksjonsrapporten.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters
Åge Algerøy
Journalist
Jan Erik Nordrehaug

HJARTELEGE: Professor Jan Erik Nordrehaug meiner hjartesjukdommen kunne vore oppdaga.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Støtteapparatet og legane har nok gjort sitt beste når det gjeld å finna ut av skaden han hadde.

Det seier professor Jan Erik Nordrehaug ved hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus til NRK.no.

Hjarteinfarkt var årsaka til at Alexander Dale Oen frå Øygarden døydde brått 1. mai, viser obduksjonsrapporten som blei kjent i ettermiddag .

Kunne vore oppdaga

Dale Oen var plaga med smerter i skuldrene.

På ein pressekonferanse i ettermiddag kom det fram at dette truleg har hatt samanheng med hjartesjukdommen .

– Det er sannsynleg at det er samanheng mellom plagene han hadde i samband med skulderskaden og hjartesjukdommen, seier lege Ola Rønsen som har vore sentral i teamet rundt Dale Oen.

Hjartespesialisten på Haukeland er enig i dette, og meiner hjarteproblema kunne ha vore oppdaga tidlegare.

– Det er godt kjent at smerter i skuldrene kan vera eit symptom på hjarteproblem. Vi diskuterte faktisk denne muligheten, seier Nordrehaug.

– Men det er klart at det er vanskeleg å stilla diagnose for ein toppidrettsutøvar som brukar skuldrene veldig mykje, spesielt når det var mistanke om ei anna årsak til smertene.

Ikkje overraska

Nordrehaug er ikkje spesielt overraska over at hjarteinfarkt er dødsårsaka.

– Hjarteinfarkt er jo ein av dei mest kjente årsakene til plutseleg hjartedød, så dette er ikkje overraskande, seier han.

Hjartelegen på Haukeland vil ikkje kritisera legane som undersøkte Dale Oen for at dei ikkje fann ut at han hadde ein hjartesjukdom.

– Desse legane har nok hatt stor interesse av å finna rett diagnose, seier Nordrehaug.

Olympiatoppens lege Ola Rønsen forklarer obduksjonsrapporten til Alexander Dale Oen

VIDEO: Ola Rønsen forklarer obduksjonsrapporten til Dale Oen.

Siste video

Meisterfinale på Brann stadion, ekstremistar på bygdene og eldre som må flyttast ut av kommunen for å få sjukeheimsplass. Dette er nokre stikkord for dagens sending. Programleiar Jan Børge Leirvik
Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.