Hopp til innhold

Sikta kvinne skal tidlegare ha truga å tenna på hus

Kvinna som vedgjekk at ho stod bak brannane i Bergen sentrum skal fleire gongar ha truga med å tenna på hus. 21 personar er framleis evakuerte etter storbrannane.

Brann Bredenbecksmauet

BRANNSMITTEOMRÅDE: Den første brannen vart meldt i Bredenbecksmauet ved 20-tida. 20 minutt seinare meldte ei kvinne seg og vedgjekk at ho stod bak brannane.

Foto: Arne Ellingsen

Ei kvinne i 40-åra er sikta etter mordbrannparagrafen etter dei tre storbrannane i Bergen sentrum torsdag kveld.

Brann i kirkebygget ved Lepramuseet i Bergen

LEPRAMUSEET: Brannvesenet klarte å hindra at 306 år gamle St. Jørgen kyrkje i Bergen brann ned torsdag kveld.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politiet kjenner godt til kvinna frå tidlegare. Denne veka skal ho ved fleire høve ha kontakta politiet. Kvar gong har ho truga med å tenna på hus, skriv Bergens Tidende.

Politiet ønskjer fredag føremiddag ikkje å uttala seg meir om saka mot henne.

– Det er for tidleg å seia noko om denne kvinna no, seier Frode Kolltveit, som er operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt.

Har ikkje tatt stilling til straffeskuld

Den sikta 45-åringen sin forsvarar, Kaj Wigum, har i dag hatt kontakt med kvinna. Han vil ikkje seie noko om helsetilstanden til den sikta.

– Ho vedgår faktiske forhold, men har ikkje tatt stilling til spørsmålet om straffeskuld, seier Wigum.

Wigum reknar med at politiet vil be om fire vekers varetektsfengsling på grunn av fare for gjentaking.

Fengslingsmøtet er i Bergen tingrett i morgon formiddag.

Vert framstilt for fengsling

Om lag tjue minutt etter at den første brannen vart oppdaga, meldte kvinna seg til politiet og vedgjekk at ho hadde stått bak brannane.

Politiet skal ha prøvd å få tvangsinnlagt kvinna ved ein psykiatrisk institusjon, men ho vart berre verande ved institusjonen ei natt skriv Bergens Tidende.

LES ÒG: Vitne såg brannen i nabohuset

LES ÒG: Redda 306 år gammal kyrkje frå å brenna ned

Driv ettersløkking

Natt til fredag har brannvesenet drive med ettersløkking, etter storbrannane i Bergen sentrum. Klokka 00.11 meldte brannmannskapa om at dei hadde fått sløkt den siste av brannane i det svært sårbare brannsmitteområdet i trehusmiljøa i Bergen.

Bygget i Bredenbecksmauet, der den første brannen starta, er totalskadd i brannen og må truleg rivast.

– Det er kontroll på brannstadene, utover dagen vil det verta gjort kriminaltekniske undersøkingar, seier Kolltveit.

LES ÒG: Tre venninner oppdaga brannen

Victoria oppdaga brannen

OPPDAGA BRANNEN: HER BYRJA BRANNEN: Tre venninner var dei første som oppdaga brannen i Bredenbecksmauet. – Me var heilt sjokkerte. Det første me tenkte var, er det sant? fortel Victoria Tran Huynh til NRK.no.

Foto: Victoria Tran Huynh / Privat