Hopp til innhold

– Kunne aldri gått inn for dette i dag

Bergens nye svømmeanlegg som opnar i dag blei 400 millionar kroner dyrare enn budsjettert. Hadde byrådet visst kor mykje Ado-arena ville koste, hadde det aldri blitt bygd, seier finansbyråd i Bergen Liv Røssland.

ado arena

OPNAR I DAG: ADO-arena blir opna i dag av statsminister Erna Solberg. – Med kjennskapen me no har til meir enn tretti års arvesynd på vedlikehald i Bergen, kunne eg aldri gått til bystyret og anbefalt at me tok ei avgjersle om å byggje ADO-arena, seier finansbyråd Liv Røssland (Frp).

Foto: NRK

Statsminister Erna Solberg kjem i dag til Bergen for å opne Ado-arena, Bergens nye storstilte svømmeanlegg. I helga får tusenvis av bergensarar teste ut det 50 meter lange bassenget og smake på høgdeskrekken med eit stup frå timeteren.

Liv Røssland

– ANLEGGET BLEI DYRT: Finansbyråd Liv Røssland innrømmer at det har vore vanskeleg å gå til bystyret fleire gongar, og be om meir pengar.

Foto: Sølve Rydland

Svømmeanlegget har ein foreløpig prislapp på 1 milliard og 61 millionar. Sju månadar før svømmeanlegget skulle opnast blei det oppdaga vannlekkasje i taket, og anlegget har blitt dyrare enn forventa.

Hadde byrådet visst på førehand kor mykje det ville kosta å få det til, ville det aldri ha blitt bygd. I alle fall ikkje no, når skuleforfallet er avdekka, seier finansbyråd i Bergen Liv Røssland.

– Med kjennskapen me no har til meir enn tretti års arvesynd på vedlikehald, kunne eg aldri gått til bystyret og anbefalt at me tok ei avgjersle om å byggje ADO-arena. Det hadde me aldri kunne gjort i dag.

– Blei mykje større enn det skulle bli

ADO Arena

Svømmeanlegget har ein foreløpig prislapp på 1 milliard og 61 millionar, og har blitt langt dyrare enn forventa.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Arbeidet med grunnforholda gjorde symjehallen 400 millionar kroner dyrare og gjorde at byggjearbeidet tok tre år meir enn planlagt.

Røssland innrømmer at det har vore vanskeleg å gå til bystyret fleire gongar, og be om meir pengar.

– Det blei mykje større enn det det skulle. Me hadde utfordringar rundt det, det har me vore til bystyret med. Bystyret har vore heilt einige i at no er me komme så langt at dette skulle me gjennomføre, seier ho.

LES OGSÅ: Slik hopper du frå timeteren i Bergens nye svømmestadion

– Dette skal me glede oss over

Amalie Skram vgs

Ado-arena: Statsminister Erna Solberg kjem i dag til Bergen for å opne Ado-arena, Bergens nye storstilte svømmeanlegg.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Idrettsbyråd Helge Stormoen seier dei har valt å prioritere eit nytt svømmeanlegg i Bergen.

– Denne gongen er det svøm og stup som får eit heilt unikt anlegg der borte, og det skal me glede oss over.

LES OGSÅ: Kaller svømmehallen opp etter Alexander Dale Oen

Men han er også rimeleg klar på at kostnadssprekken vil gå ut over andre prosjekt.

– Kanskje. Både ja og nei. Ado har blitt dyrare, men eg vil ikkje seie at Ado har stole pengane frå dei andre prosjekta.

NRK Hordaland tester byens høyeste stupebrett.

HØGDESKREKK? Då må du sjå denne. NRKs reporter Anders Ekanger testar ut timeteren i Ado-arena.