NRK Meny
Normal

– Kritisk låg politibemanning i bergensområdet

Politibemanninga for Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden er kritisk låg, i følgje arbeidsgruppa som vil leggja ned tre lokale politistasjonar i Bergen og 18 lensmannskontor i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Politi i Vågsbunnen i Bergen

FOR FÅ: Det er ikkje nok politifolk i bergensområdet til å gjennomføra politireformens mål, meiner arbeidsgruppa i Vest politidistrikt.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Arbeidsgruppa for den såkalla Nærpolitireformen føreslår at Bergen og Sotra/Askøy/Øygarden skal bestå av tre tenestestader, men utgjera éi administrativ eining – ei såkalla geografisk driftseining.

70 prosent av dei registrerte lovbrota i Vest politidistrikt skjer i dette området. Også folkeveksten her er den høgaste i distriktet.

Samla sett har dette området i dag ei politidekning på 1,18 pr. 1000 innbyggjarar.

Dobbel kriminalitet

Arbeidsgruppa meiner dette bemanningstalet «er kritisk lavt i dette området».

Politiet arresterer bråkmakere

70 PROSENT: Dei aller fleste registrerte lovbrota i Vest politidistrikt skjer i Bergen og kommunane lenger vest.

Foto: NRK

«I distriktets mest sentrale områder må bemanningen styrkes. Folketallet og befolkningen i de urbane strøkene øker mest. Her er kriminalitetsraten dobbelt så høy som ellers i distriktet».

I Bergen åleine er politidekninga 1,3 pr. 1000 innbyggjarar.

Arbeidsgruppa understrekar at «med tanke på kriminalitetsraten og de satsningsområder politidistriktet må forbedre, anses politidekningen å være for lav til at tjenesteenheten i Bergen faktisk kan bidra til å nå målene med reformen».

– Også distrikta må få fleire

Arbeidsgruppa meiner likefullt at auka bemanning i sentrale strok ikkje må gå ut over talet på årsverk i andre delar av politidistriktet:

«Optimalisering av drift og ny arbeidsmetodikk vil trolig kreve styrket fremtidig bemanning ved alle de geografiske driftsenhetene».

Video Helge-Stave-180910W-HO-145821-SI_HO.mp4

FEKK KUTTFORSLAG: Prosjektleiar Helge Stave skal handsama arbeidsgruppa sitt forslag til omorganisering og nedleggingar i Vest politidistrikt.

Foto: Nyhetsspiller

Den føreslåtte driftseininga Nordhordland/Voss dekker eit område frå Fedje til Finse og har i dag den lågaste politidekninga i heile politidistriktet – 0,78 pr. 1000 innbyggjarar – sjølv om kriminalitetsraten er høgare der enn i Sogn og Fjordane.

– Ikkje i mål

Helge Stave er prosjektleiar for Nærpolitireformen i Hordaland. Som sakhandsamar for politimeisteren har han mottatt rapporten frå arbeidsgruppa. Han seier gruppa si oppgåve var å legga til rette for omorganisering, men ikkje har hatt kapasitet til å drøfta ressursfordelinga i politidistriktet.

– Dei skulle føreslå dimensjonering av dei ulike einingane, men kom ikkje heilt i mål.

Årsaka er at bemanninga og ressursane i tenesteeiningane må sjåast i samanheng med to andre omorganiseringar som blir planlagd: Ei anna arbeidsgruppe vurderer storleiken og organiseringa av fellestenester som operasjonssentral, forvaltning, operativ trening og etterforsking av meir spesielle saker som krev spesialkompetanse eller ikkje er stadbundne.

Administrative stabar rundt politimeisteren er også planlagt endra.

Leder for Politiets Fellesforbund i Hordaland, Kjetil Rekdal.

ÅTVARAR: Tillitsvald Kjetil Rekdal åtvarar mot å sentralisera stillingar.

–Lågt bemanna overalt

Tillitsvald Kjetil Rekdal for Politiets Fellesforbund i Hordaland seier det kan stillast spørsmål ved om det er riktig å auka bemanninga i den administrative staben rundt politimeisteren:

– Dette kallast nærpolitireformen, og det viktige for oss er å sikra at politiet er der ute publikum faktisk er.

Han åtvarar mot at tenestestadane nær publikum kan bli tappa for stillingar viss sentrale fellesfunksjonar skal bli bemanna opp.

– Det er generelt for få årsverk. Politiet er lågt bemanna over heile linja.

Politidekning i Vest politidistrikt

Føreslått driftseining

Politidekning

Føreslått tenesteeining

Kriminalitetsrate

Folketalsvekst til 2040

Nord

1.07

Nordfjord

20,9

2 %

Sunnfjord

25,1

6 %

Sogn

22,2

7 %

Midt

0,78

Nordhordland

25,2

25 %

Voss

31,8

9 %

Bergen/omegn

1,18

Bergen

67,5

15 %

Sotra/Askøy/Øygarden

29,5

32 %

Sør

0,94

Hardanger

34,2

5 %

Kvam

18,1

7 %

Os

35,8

35 %

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017