NRK Meny
Normal

– Kraftig røyk og smell frå lagerbygning

Brannen starta truleg i samband med arbeid på ein båt. To personar kom seg uskadde ut.

Brann Hardangervegen

BRANN: I fjerde etasje av dette lagerbygget braut brannen ut i samband med arbeid på ein båt.

Klokka 17.55 fekk politiet melding om røykutvikling og brann frå eit lagerbygg i Hardangervegen i Bergen.

– Det har komme kraftig røyk og eit smell frå ein lagerbygning. Både brannvesen, politi og ambulanse rykkjer ut til staden, seier operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen, like etter klokka 18.

– Det er observert to personar som er ute av bygget. Dei skal vere uskadde, men vert sendt for ein rutinemessig sjekk på legevakta, seier Kronen.

Ifølgje politiet er det ingenting som tyder på at det var andre i bygget då brannen starta.

Brann Midtun

MIDTTUN: Brannvesenet vil halde fram med ettersløkking utover kvelden.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Alle er ute av bygget

Brannvesenet er framme og jobbar no på staden.

– Då me kom fram velta det svart røyk ut av bygningen. Me har funne arnestaden i fjerde etasje og held på med å sløkke no. Men brannen er enno ikkje under kontroll, seier vaktoperatør i 110-sentralen Stig Tetler klokka 18.20.

Klokka 18.38 melder brannvesenet om at brannen er sløkt. Dei vil halde fram med ettersløkking ei stund utover kvelden.

Ifølgje politiet ser det ut som at brannen kan ha starta i samband med arbeid på ein båt som stod på ein hengar i lokalet. Båten er utbrent.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.