– Sjukehuset kallar friske born sjuke

Kjersti Toppe meiner Haukeland universitetssjukehus diagnostiserer for mange nyfødde som sjuke. – Det er ei erkjenning av at dei har eit for dårleg tilbod til mor og barn.

Tvillinger i seng på Kvinneklinikken

NYE I VERDA: Desse to tvillingane kom til verda for tre dagar sidan, og ligg framleis på Kvinneklinikken. Vanlegvis sendar Haukeland mor og born heim etter to dagar.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Haukeland universitetssjukehus sine eigne tal syner at over halvparten av dei nyfødde ved sjukehuset har problem med å ta til seg næring.

Dette er nesten 60 gonger så mange som ved Oslo Universitetsykehus.

– Dette er overdriven diagnostisering av borna. Det er heilt normalt å ha utfordringar med amming dei første dagane, og det gjer ikkje barnet sjukt, seier Kjersti Toppe (Sp) som er lege og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

– Sjukelegg barna

Kjersti Toppe

– SJUKELEGG: Nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner Haukeland universitetssjukehus gjev for mange diagnosar nyfødde for å kompensere for den korte liggjetida for nye mødrer.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Dei store forskjellane har gjort at Helsedirektoratet no krev ei forklaring.

40 prosent av sjukehusfinansieringa i Noreg kjem i dag via stykkprisfinansiering. Sjukehuset får 12.891 kroner for å behandle eit barn som slit med næringsinntak – mot 6.075 kroner for eit friskt barn.

Toppe meiner at sjukehuset gjev for mange diagnosar for å kompensere for eit for strengt regime, der mor og barn som hovudregel ikkje skal vere på sjukehuset i meir enn 48 timar.

– Alle bør sjå det uakseptable i at Haukeland bøter på den korte liggjetida, med å setje diagnose på mange normale nyfødde, seier Toppe.

– Om mødrene treng fleire dagar, er det trist om barnet må få ein diagnose for at dei skal få hjelp. Det burde vere sjølvsagt.

Toppe meiner at Haukeland bør vurdere om 48-timar liggjetid er forsvarleg, i staden for å gjere friske ungar og nybakte mødrer.

– Liggjetida er ikkje for kort

Susanne Albrechtsen

Overlege Susanne Albrechtsen ved Haukeland universitetssjukehus avviser at sjukehuset juksar med koding og diagnosar av økonomiske omsyn.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Me diagnostiserer ikkje ut frå økonomiske omsyn. Me kodar det slik for at det skal vere medisinsk korrekt, seier overlege Susanne Albrechtsen ved Haukeland universitetssjukehus.

Ho avviser at dei brukar diagnosar for å kompensere for kort liggjetid.

– Me sender ikkje barna heim før dei er friske og klarer å ete sjølv. Det har eigentleg ikkje noko med den eigentlege liggjetida på sjukehuset å gjere, men at me har stort fokus på dette som handlar om næringsinntak. Det er viktig at barna klarer å ete før dei kjem heim, seier overlege Susanne Albrechtsen.

– Kan det verkeleg stemme at over halvparten av dei nyfødde her har problem med å ta til seg næring, og treng ein diagnose?

– Det er jo ein fysiologisk stor endring som skjer med barnet dei første par dagane etter det er fødd. Mange kan ha litt startvanskar.

– Kvifor har Oslo så mange færre?

Kvinneklinikken i Bergen

KREV SVAR: Helsedirektoratet har no bede Kvinneklinikken om svar på kvifor så mange nyfødde born er sjuke hos dei.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Det kan vere at dei ikkje har det same fokuset, sidan kvinnene er innlagt lenger der.

– Kan krevje pengane tilbake

Helsedirektoratet er ikkje ferdige med å behandle saka. Men dersom det kjem fram at sjukehuset har juksa med kodinga eller har koda feil, kan Haukeland bli tvungne til å betale tilbake delar av pengane.

– Det me må sjå på er retningslinene for koding og korleis ein slik feil kan oppstå. Det kan bli aktuelt å krevje tilbakebetaling. Men det treng ikkje bety at me meiner at det har vore noko bevisst juksing med kodar og diagnosar, men at me vil korrigere for den feilen som har skjedd, seier fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Unn Huse.

Helsedirektoratet har kravd ei forklaring av Haukeland på kvifor så stor del av borna vert diagnostisert.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.