Hopp til innhold

– Karina bør få reisa på utveksling

– Studentar som treng assistanse skal ha rett til reisa på studieopphald til utlandet, seier Senterpartiets Kjersti Toppe. Ho meiner regelverket må endrast.

Karina Harkestad

AVSLAG: Psykologistudenten Karina Harkestad ønskjer å reisa på utveksling til USA i haust. Bergen kommune har avslått søknaden om å ta med assistent under opphaldet.

Foto: Line Harstad Groven

NRK har i vår skrive om 23-åringen Karina Harkestad som ikkje får lov til å reisa på utveksling til USA. Grunna ein medfødd muskelsjukdom er ho avhengig av assistanse, noko Bergen kommune seier ho ikkje har krav på i utlandet.

Helseminister Bent Høie skriv no i eit svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) at Bergen kommune ikkje bryt lova ved å nekta Karina Harkestad assistanse under studieopphaldet.

Kjersti Toppe er overraska over svaret frå Høie.

– I svaret han gav Audun Lysbakken tidlegare i juni var Helseministeren mykje meir open. No slår han jo fast at kommunane ikkje pliktar å gi dei eit tilbod.

Ho vil gjerne ta saka opp for Stortinget, men det blir nok for seint for Harkestad.

– Stortinget har tatt ferie, og viss det er einaste staden spørsmålet no kan bli løyst ser det mørkt ut for Harkestad sitt utanlandsopphald, seier Toppe.

Kjersti Toppe

URETTFERDIG: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) meiner Karina Harkestad har rett på å få reisa på utveksling.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Ho meiner studentar som treng assistanse ikkje skal diskriminerast.

– Det må kunne gjerast unntak for dei som skal studera og arbeida i utlandet. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) vart ein rett på bakgrunn av likestillingsargumentasjon, sånn at dei som treng hjelp skal kunna fungera på lik måte som andre.

– Håpar det vil bli ei løysing

Det vert i desse dagar jobba med eit rundskriv frå helsedirektoratet om BPA-ordninga.

– Me kan jo håpa at det her blir presisert korleis ein skal gå fram i den situasjonen som Karina Harkestad sitt i no, seier Kari Kjønaas Kjos, leiar for Helse- og omsorgskomiteen.

For denne type situasjonar var ikkje tatt med i loven når den var laga.

– Me vart tatt på senga med denne saka til Karina Harkestad. Det er ingenting i loven som omtalar korleis ein skal handtera studiar i utlandet.

Kari Kjønaas Kjos

Leiar i Helse- og omsorgskomiteen, Kari Kjønaas Kjos (Frp)

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Trist

– Dette er jo sjølvsagt veldig trist at eg ikkje får reisa. Eg går jo glipp av ei oppleving både fagleg og personleg. No ser det ut til at eg må eg må innstilla meg på å studera i Bergen i haust, seier Harkestad.

Ho er likevel glad for at det kan bli gjort endringar for andre som hamnar i same situasjon.

– Det er veldig fint at politikarane seier dei vil ta det opp i Stortinget. Eg håpar det kan bli ei ordning for andre som ønskjer å reisa.

– Me kan ikkje ta ansvaret

– Det er godt å få konstantert at Bergen kommune har det rette på si side i denne saka. Me meiner at me ikkje kan ha ansvaret for dei fagleg helsetenestene og kan ikkje la ho få reisa, seier Onarheim.

Hilde Onarheim

Helsebyråd i Bergen kommune Hilde Onarheim (H)

Foto: Marita Skeie / NRK

Ho også meiner ansvaret bør ligga nasjonalt.

– Me meiner det bør bli ei nasjonal ordning som kan ta seg av desse tilfella, slik at studentar som deltek i ordninga kan få moglegheit til å reisa på utveksling