NRK Meny

– Kanskje ikkje så teit å skriva om eventyr likevel

I dag fekk den britiske kulturhistorikaren og forfattaren Marina Warner overrekt Holbergprisen i Håkonshallen.

Holbergprisen 2015 gikk i dag til den britiske kulturhistorikeren, mytologen og forfatteren Marina Warner.

VIDEO: I dag fekk den britiske kulturhistorikaren og forfattaren Marina Warner Holbergprisen, som er ein av verdas største innan samfunnsforsking.

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I dag fekk den britiske kulturhistorikaren og forfattaren Marina Warner Holbergprisen, som er ein av verdas største innan samfunnsforsking.

Kronprins Haakon overrekte prisen i Håkonshallen i Bergen. Warner har via livet sitt til forsking på populærkulturelle forteljingar, eventyr og mytar.

– Det har gitt meg veldig sannkjenning. Folk som trudde at å jobba med eventyr var veldig teit, tenkjer seg nok om att no. Kanskje alle kjem til å byrja å skriva om eventyr no, seier den glade prisvinnaren.

Ta vare på flyktningane

Prisen er på 4,5 millionar kroner. Det er pengar Warner vil bruka til å ta vare på flyktningane sine eventyr og mytar.

Ho meiner det er eit arbeid som må skje i flyktningleirane, der flyktningane skal få augneblikk av fridom kor dei ikkje treng å uroa seg over kleda dei må vaska eller om barna er trygge og har tak over hovudet.

– Draumen min er å ha nokre som fortel eventyr, syng songar og speler spel, seier Warner.

Holbergprisvinnar

VIDEO: Marina Warner fekk i dag Holbergprisen, som er ein av verdas største innan samfunnsforsking.

Siste video

Hundar som skal påvisa kreft, nytt forslag til heving av Fedje-ubåten og full strid om kommunenamn i Sunnfjord. Sjå Vestlandsrevyen med programleiar Jan Børge Leirvik.
Psykiateren og KrF-politikaren døydde etter ei trafikkulukke, 81 år gamal.