Hopp til innhold

Herdla-drapet: – Han kan ikkje straffast

Den 27 år gamle mannen har erkjent å ha drepe kameraten sin. No har sakkunnige konkludert med at han er utilrekneleg.

Drepen mann blir frakta bort, Askøy

Mannen som har erkjent drapet på Askøy før jul blir sannsynlegvis dømt til tvunge psykisk helsevern.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Drapet på Askøy utanfor Bergen 12. desember i fjor skjedde i ei hytte på eit hyttetun på Herdla, heilt nord i kommunen. Gjerningsmannen erkjente drapet allereie under pågripinga.

Etter å ha observert mannen over tid konkluderte to rettspsykiatarar i førre veke med at han ikkje kan straffast for drapet.

– Psykotisk

Drapet skjedde på ei hytte på Herdla der den drepne og 27-åringen var aleine.

27-åringen har seinare erkjent å ha drepe kameraten sin.

No vil han sannsynlegvis bli overført til langvarig psykiatrisk behandling.

– Dei sakkunnige har konkludert med at han var psykotisk på gjerningstidspunktet. Det inneber at han etter alle solemerker vil få ein dom på overføring til tvunge psykisk helsevern, og ikkje ordinær fengselsstraff, seier påtaleansvarleg Asbjørn Onarheim i Hordaland politidistrikt til BT.

Veit ikkje motiv

Fredag fekk politiet medhald frå retten i forlenga varetekt for mannen.

Herdladrapet var det åttande drapet i Hordaland i 2013.

Ifylgje politiet hadde offeret blitt utsett for omfattande vald.

– Me har ikkje klart å konkludere med motiv. Bakgrunnen for handlinga står fram framleis som uforståeleg, seier Onarheim.