Hopp til innhold

– Kampen mot lakselus fører til koparforureining

Bruken av kopar i oppdrettsnæringa har auka kraftig. – Me trur det skuldast at oppdrettarane brukar meir koparimpregnering for å ta knekken på lakselusa, seier Tom N. Pedersen ved Fylkesmannen i Hordaland.

Oppdrettsanlegg, oppdrett av laks.

– UROVEKKANDE: Auken i bruk av kopar ved oppdrettsanlegga er urovekkande, seier seniorrådgjevar Tom N. Pedersen ved Fylkesmannen i Hordaland.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Kopar er mykje brukt i fiskeoppdrettsindustrien. Det blir brukt til å impregnere nøtene for å halde dei reine, slik at fisken skal ha det bra og få nok oksygen.

Me trur den auka bruken av kopar heng saman med bruk av reinsefisk mot lakselus.

Tom N. Pedersen, Fylkesmennen i Hordaland

Men kopar er også det giftigaste metallet ein kan ha i havet, etter kvikksølv og sølv, og svært skadeleg for dyra som lever i havet.

Dei siste åra har Fylkesmannen i Hordaland fått rapportar om auka bruk av kopar på oppdrettsanlegga. Det er urovekkande, seier seniorrådgjevar, Tom N. Pedersen.

– Det blir veldig store mengder etter kvart. Slik det er no, fører kvar laks som blir produsert til utslepp av ei koparmengde tilsvarande ein 50-øring.

– Brukar kopar for å bli kvitt lakselus

Når mengda med kopar i havet no har auka så kraftig, kan det berre skuldast ein ting, meiner Pedersen.

Leppefisk mot lakselus

LEPPEFISK: Leppefisk er eit av tiltaka som vert brukt for å halde lakselusa under kontroll på oppdrettsanlegga.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Me trur den auka bruken av kopar heng saman med bruk av reinsefisk mot lakselus.

Lakselusa kostar årleg oppdrettsnæringa 500 millionar kroner i året, syner tal frå Havforskingsinstituttet.

Eit tiltak som har synt seg å fungere for å få bukt med lusa, er å setje ut reinsefisk. Men for at reinsefisken skal ete lakselusa, så kan den ikkje ha tilgang til annan mat. Då må nøtene vere reine og frie for groe. Dei vert derfor impregnert med kopar, og i tillegg reingjorde med høgtrykksspylar.

Auken i bruk av impregnering med kopar har vore mykje større enn det som kan forklarast med ei auke i produksjonen av fisk, seier Pedersen. Dei trur dette skuldast at oppdrettarane brukar meir koparimpregnering no, for å ta knekken på lakselusa.

LES OGSÅ: Denne krabaten skal ta opp kampen mot lakselusa

Oppdrettsanlegg

DYR PARASITT: Lakselusa kostar årleg oppdrettsnæringa 500 millionar kroner i året, syner tal frå Havforskingsinstituttet.

Foto: marine Harvest

– Svært forureinande

Fiskeoppdrettarane kan halde nøtene reine utan å få så mykje kopar i havet, seier Pedersen.

– Det finst mange løysingar. Det finst høgtrykksspyling med oppsamling, som støvsugar opp avfallet, og det finst også oppdrettarar som driver utan koparimpregnering.

laks

Fylkesmannen vil no gjennomføre fleire målingar av koparmengde under oppdrettsanlegga, for å få oversikt over kor sterk forureininga er under kvart enkelt anlegg.

Foto: Villa

– Kvifor brukar ikkje alle oppdrettarar impregnering utan kopar?

– Det kan skuldast at det kostar eller at det er vane. Me veit eigentleg ikkje, seier han.

– Det er uansett oppdrettaren sjølv som må gjere noko. Me snakkar om tiår før koparen går bort att, det tek veldig lang tid.

LES OGSÅ: Oppdrettsgigant ber om meir tilsyn

– Me held nøtene reine for at fisken skal ha det bra

Bremnes Seashore AS fekk i november pålegg om å måle koparforureininga i sedimentet kring matfiskanlegget på Krossholmen i Bømlo. Konsernsjef Olav Svendsen seier dei heile tida jobbar for å drive mest mogleg miljøvennleg.

Ein held nøtene reine for å at fisken skal ha det godt og få oksygen.

Olav Svendsen, Bremnes Seashore AS

– Me gjer så godt som me kan, og jobbar for å få ned mengda koparutslepp.

Han seier dei har eit mål om å komme ned i færrast mogleg koparimpregnerte nøter.

– Me brukar mykje nøter som ikkje er impregnerte og spyler dei når det kjem groe på dei. Men dette er meir arbeidskrevjande. Det er og fyrst i seinare tid at me har fått nøter som kan spylast i havet, som me slepp å ta opp på land fyrst.

Svendsen trur ikkje auka i bruk av koparimpregnering på oppdrettsanlegga skuldast at ein prøver å ta knekken på lakselusa.

– Det er ein ganske spekulativ tanke, tykkjer eg. Ein held nøtene reine for å at fisken skal ha det godt og få oksygen. Så den koplinga greier eg ikkje heilt å sjå.

Fylkesmannen vil no gjennomføre fleire målingar av koparmengde under oppdrettsanlegga, for å få oversikt over kor sterk forureininga er under kvart enkelt anlegg.

LES OGSÅ: Tre nye tiltak mot lakselus trer i kraft i dag