NRK Meny
Normal

– Internett kjem ikkje inn denne døra

Laila Rossland (71) frå Frekhaug er ein av 400.000 nordmenn som ikkje vil bruke nettbanken. Men presset aukar når stadig fleire bankar blir kontantlause.

Laila Rossland

UTAN NETT: Laila Rossland frå Frekhaug meiner ho klarar seg godt utan internett.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Livet mitt er veldig bra utan internett. Eg tykkjer det er skummelt, det er så masse elendigheit der. Det har eg all respekt for, og eg vil ikkje ha.

Laila Rossland frå Frekhaug har ikkje internett og betalar rekningane sine i banken. Og ho er ikkje åleine. 400.000 nordmenn brukar ikkje nettbank, ifølgje årets dagligbankundersøkelsen frå Finans Noreg. Blant desse er det flest eldre.

– Presset vert større, men dei skal ikkje klare å presse meg, seier Laila.

– Eldre tilpassar seg endringane

Norske bankar legg no om tenestene i filialane, og fleire stader kan ein ikkje lenger ta ut eller setje inn kontantar.

May Sissel Syslak

FLEST PÅ NETT: Dei fleste kundane foretrekker nettbanken, seier banksjef i DNB Laguneparken, May Sissel Syslak.

Foto: Anders Ekanger / NRK

DNB Laguneparken i Bergen har vore utan kontantar sidan i fjor haust. Det er dette som er framtidas bank, meiner banksjef May Sissel Syslak.

– Me ser at kundane våre gjer det me har halde på med i banken, heime. Dei brukar nettbank eller kortet sitt når dei skal ta ut pengar.

Sparebanken Vest starta også omlegginga i fjor, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik.

– Det er ein del mytar som seier at eldre ikkje kan, eller vil, ta i bruk nye banktenester, men den kjøper me ikkje heilt. Me ser at eldre i større og større grad tilpassar seg endringane, meiner Breivik.

Seniorsaken reagerer

Odd Himle

- KOMPLISERT: Ein del eldre er redde for å gjere feil i nettbanken, seier leiar i Seniorsaken Odd Himle.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Leiar i Seniorsaken i Hordaland Odd Himle, meiner omlegginga går for raskt. Han trur ein del eldre er redde for å gjere feil.

– Eg trur ein grunn til at folk er litt engstelege for nettbank, er at det er fort gjort å skrive feil tal på summen som skal ut, eller på kontonummeret. Eg tykkjer det er litt omstendeleg og komplisert, seier han.

LES OGSÅ: Mobilbanken har overtatt for nettbanken

– Best å gje etter for presset

Pia Kleppe Marken

– GJE ETTER: Dei som er lite vande med internett og nettbank, må dessverre berre lære seg det, seier Pia Marken i Forbrukarrådet.

Foto: Kjell Haakon K. Larsen

Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet i Hordaland forstår at ein del opplever det som vanskeleg å setje seg inn i ny teknologi.

– Me får ein del førespurnader frå eldre som ikkje lenger får hjelp i banken til å setje inn pengar. Men me må berre seie at slik er det dessverre blitt. Dei fleste bankane er i ferd med å bli kontantlause.

Men hos Forbrukarrådet er det ingen trøyst å få.

– Det enklaste er nok å gje etter for presset, og lære seg å bruke datamaskiner og teknologi til å gjere slike ting, seier Marken.

LES OGSÅ: – Barn bør hverken ha bankkort, mobil eller mobilbank