NRK Meny
Normal

– Ingen skal måtte døy åleine

13 prosent av alle som døyr av sjukdom i Noreg, gjer det heilt åleine. Og talet berre aukar.

Eldre hender

FLEIRE SKAL FÅ DØY SLIK:– Vi kan komme inn, halde i handa og berre vere til stades, seier Marianne Hansen i Røde Kors Odda.

Foto: COLOURBOX.COM

Det vil Røde Kors gjera noko med.

Som eit prøveprosjekt har Røde Kors starta opp med vaketeneste nokre få utvalde stader i Noreg. Det går ut på at frivillige skal vere til stades for døyande på det siste.

– Vi ser at det eit udekt behov i samfunnet, der stadig fleire døyr åleine. Røde Kors meiner at ingen skal måtte døy åleine, og det er bakgrunnen for at ein no prøver å starte denne aktiviteten nokre stadar i Noreg, seier Bente Grytøyr i Hordaland Røde Kors.

Bente Grytøyr

VIL VERE TIL STADES: – Røde Kors meiner at ingen skal måtte døy åleine, seier Bente Grytøyr i Hordaland Røde Kors.

Foto: Tale Hauso / NRK

Skal avlaste og støtte

Ein rapport av kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon viser at over 13 prosent av dei som døyr av sjukdom ikkje har nokon rundt seg når dei trekkjer pusten for siste gong.

Dette talet berre aukar.

– Vi kan komme inn, halde i handa og berre vere til stades. Kanskje dei pårørande treng avlasting eller berre nokon å prate med. I tillegg kan vi vere eit supplement for helsepersonell, seier Marianne Hansen i Røde Kors Odda.

I Danmark er Røde Kors Vaketenesta ein av dei aktivitetane som veks mest. Her i Noreg skal prosjektet no testast ut, før ein skal evaluere om det skal bli ein nasjonal aktivitet.

– Du får utruleg mykje igjen

– Det er sjølvsagt emosjonelt og krevjande, fordi du blir litt påverka, men samtidig er det så givande og du får så utruleg mykje igjen, seier Ruth Marie J. Andersen og Reidun Molven.

Dei er to av Røde Kors Odda sine vakevakter, og skal no ha vakttelefon i ein månad kvar, og stille opp i private heimar og sjukeheimar ved behov.

– Eg har gjennom eit yrke som sjukepleier sett i fleire tilfelle at døyande menneske blir liggjande åleine, og det er ikkje ei god kjensle å ikkje ha tid å sitje med den som er så sjuk, seier Molven.

Røde Kors Odda

VAKEVAKT: Desse damene er kursa i vaktteneste, og er klare for å gjere ei frivillig teneste for dei døyande.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fleire eldre, men ikkje fleire hender

Også Andersen meiner at det er eit behov med frivillige vakevakter.

– Før i tida så ringde vi til ekstrahjelp om nokon låg åleine, men no styre økonomien det. Difor kan kanskje vi vere med å gjere ei lita teneste der.

Odda kommune er glad for at Røde Kors Odda har satsa på vaktteneste, og trur tilbodet vil bli godt nytta.

– Det blir fleire og fleire eldre, men ikkje fleire hender. Så eg tenkjer at i framtida er det frivillige vi faktisk må satsa litt på, seier Inger Line Wik, verksemdsleiar på Odda sjukeheim og Eide omsorgssenter.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.