– Ingen fryktkultur i Voss kommune

Leiarar i Voss kommune vart skulda for trakassering og fryktkultur. Advokatane som har granska kommunen meiner skuldingane er fullstendig utan grunnlag.

Voss kulturhus

FRIKJENT: KS er kommunane si interesseorganisasjon. Dei har gjort ei omfattande gransking av kommunen si leiing og korleis dei handterer kritikk.

Foto: Turid Rogne / NRK

To advokatar, Frode Lauareid og Cecilie Roaldsøy Sæthe, frå foreininga KS har granska Voss kommune etter at skuldingane mot fleire av dei administrative leiarane kom fram.

Det var ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) som sjølv starta varslarsaka, etter eit intervju med hovudverneombodet i Avisa Hordaland. Fleire alvorlege skuldingar vart framsett i eit portrettintervju, om trakassering av tilsette og ein fryktkultur i kommunen.

– Tomme skuldingar

Advokatane har gjennomført ei lang rekke intervju med tilsette i kommunen. Dei konkluderer med at det ikkje er grunnlag for dei alvorlege skuldingane.

Hans Erik Ringkjøb

ORDFØRAREN: Hans-Erik Ringkjøb (Ap) gav sjølv saka varslarstatus og bad KS om å granske saka. Advokatane har konkludert med at han har handla slik han skal, i ei varslarsak.

– Vi har ikkje funne grunnlag for at det eksisterer nokon fryktkultur. Tvert om ser vi at tilsette vågar å melde frå om negative forhold, og vi ser at arbeidsgjevar handsamar desse på ein forsvarleg måte, skriv KS-advokatane.

Samstundes påpeikar dei at nokre av leiarane reagerer på varsel og kritikk med eigne kjensler i saka.

– Vårt råd til Voss kommune er at det må arbeidast med å møte denne type utfordringar med ei meir profesjonell tilnærming, skriv gruppa.

– Ikkje trakassering

Dei har undersøkt skuldingar om trakassering, men meiner det ikkje er grunnlag for det. I somme saker meiner dei at leiarane kan ha handla uprofesjonelt, men langt frå trakasserande.

– Leiarane har og sjølv beklaga dette i fleire av sakene, skriv advokatane.

– Kritikken mot leiinga kjem frå fleire tilsette med tillitsverv i kommunen. Dei har kome med ei rekke skuldingar og konkrete saker mot leiinga. Dei har ikkje fått medhald i eitt einaste punkt, skriv advokatane.

Advokatane Frode Lauareid og Cecilie Roaldsøy Sæther åtvarar mot å gjenta skuldingane utan å ha nye bevis eller dokumentasjon å vise til.

– Det at dei same sakene blir meldt opp på nytt utan at nytt faktum er tilført, kan i seg sjølv representera ei trakassering av dei som vert utsette for dette, skriv advokatane.

Vil ikkje kommentere rapporten

Verken rådmann Einar Hauge eller ordførar Hans-Erik Ringkjøb ynskjer å kommentere rapporten før den vert handsama i kommunestyret på tysdag.

– Eg vil berre vise til konklusjonane som går på at det ikkje er funne grunnlag for at det eksisterer ein fryktkultur, men tvert i mot at tilsette vågar å seie ifrå om negative forhold og at desse vert behandla på ein forsvarleg måte, seier Einar Hauge til NRK.

– Det er heller ikkje avdekka at tilsette i kommunen vert utsette for trakassering frå leiinga. Rapporten seier vidare at hovudverneombodet si varsling i lokalavisa var uforsvarleg, seier Hauge.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.