NRK Meny
Normal

– Imponert over at brannen ikkje spreidde seg

Også i dag klarte brannvesenet i Bergen å hindra at ein storbrann spreidde seg til fleire hus. Huset som brann er totalskadd, men brannsjefen er nøgd med resultatet.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå reportasjen med brannsjef Johnny Breivik på taket ved det totalskadde huset.

Brannsjef Johnny Breivik

NØGD: Brannsjef Johnny Breivik var nøgd med resultatet etter at berre eit hus vart skadd i brannen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Huset som det brann i er totalskadd, men det er eit godt resultat gitt det potensialet som har vore her i natt, seier brannsjef i Bergen, Johnny Breivik.

Store styrkar frå brannvesenet, politi og ambulansetenesta rykka ut då det 03.51 kom inn melding om at det brann i eit bustadhus i Vågsbunnen i Bergen sentrum.

Branndykkarane kjempa lenge mot flammane, men fekk til slutt kontroll på brannen.

– Dei hadde ein utfordrande jobb i natt og i morgontimane. Brannen starta i eit bygg midt inne i eit kvartal med mange trehus. Vi kom oss ikkje til med snorkel eller med lift, så brannen vart berre sløkt med røykdykkarane sin innsats, seier Breivik.

Glad for resultatet

Brannvesenet hadde fire angrepspunkt og fekk til slutt sløkt brannen frå innsida.

Brannvesenet får kaffi og kake

PAUSE: Brannvesenet fekk servert kaffi og kake for innsatsen etter at brannen var sløkt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vi er veldig glad for å få dette resultatet, og imponert over at det ikkje har spreidd seg vidare, seier brannsjefen.

Natt til fredag brann det også i eit hus i nærleiken av der det brann i dag, og igjen klarte brannvesenet i Bergen å hindra at ein storbrann i Bergen spreidde seg til fleire hus.

– Det er nok tilfeldig at det brenn så tett både i område og i tidsrom, men det er ei påminning om at det er viktig å vera veldig fokusert på dei utfordringane som kjem når det brenn i slike område, seier Breivik.

Rosar brannmannskapet i Bergen

Ordførar Trude Drevland var på plass på brannstaden tysdag morgon. Der heidra ho brannvesenet for innsatsen deira.

– Det er god grunn til å igjen rosa brannvesenet. Det er trist at så mange menneske vert råka, men det er utruleg at dei klarte å avgrense brannen sånn, seier ordføraren.

Trude Drevland kysser og roser brannvesenet i Bergen.

VIDEO: Sjå ordførar Trude Drevland heidra brannmannskapet – med eit kyss.

Indikasjon på kor brannen starta

– No vurderer vi skadeomfanget og når bebuarane kan flytta heim igjen, men huset det brann i er totalskadd, seier innsatsleiar Ronny Andre Øvrebotn.

Politiet veit ikkje kva som har skjedd og er framleis tidleg i etterforskinga.

– Politiet har ikkje vore inne i huset, men vi har fått ein indikasjon frå brannvesenet om kor brannen starta. Vi vil ikkje uttala oss noko om dette endå, seier innsatsleiaren.

Brannvesenet driv framleis på med ettersløkking, difor er det ikkje sikkert å bevega seg i området.

– Vi går over i etterforskingsfasen for å prøva å få ei oversikt over kva som har skjedd. Vi vil snakka med vitne og sikra spor på åstaden, og så vil det seinare bli gjort krimtekniske undersøkingar på staden, seier Øvrebotn.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio