Hopp til innhold

– Ikkje vingeklypt

Brann gjer fleire endringar i organisasjonen. Steinar Nilsen får meir ansvar i klubben, men Roald Bruun-Hanssen kjenner seg ikkje vingeklypt.

Steinar Nilsen og Roald Bruun-Hanssen

Roald Bruun-Hanssen får nye oppgåver når Steinar Nilsen vert sportsleg leiar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Roald Bruun-Hanssen gir seg som sportsleg leiar, han vert no nestkommanderende i administrasjonen i klubben. Dermed vert han òg stadfortredar for dagleg leiar Lars Moldestad.

Hovedtrener Steinar Nilsen vert no både trenar og hovedansvarlig for avdeling sport. Det kom fram på ein pressekonferanse i dag.

Endringa betyr at han òg får ansvaret for å hente forsterkingar til klubben, som tidlegare var ansvaret til Bruun-Hanssen.

Video Steinar Nilsen også sportssjef

Ikkje degradering

Men Brunn-Hanssen vil ikkje seie at han er vorte vingeklypt.

– Overhodet ikkje. Eg har fått eit anna ansvar som kanskje er større og meir heilskapleg for organisasjonen. Eg vart spurt om å spele midtstoppar, og då tek eg den jobben, seier Bruun-Hanssen.

– Korleis ser du på dei nye oppgåvene?

Eg ser på det som viktig og utfordrande. Eg trur det kan påverke heile organisajsonen positivt, så me kan verte meir effektive og oppnå betre resultat.

– Kjenner du mistillit?

Nei, det gjer eg ikkje.Eg oppfattar det som om min kompetanse er brei, og det er delar av organisasjonen som må satsast på no. Og det skal eg bruke min kompetanse på.

Ei felles løysing

Han fortel at det ikkje var hans initiativ at han no får nye oppgåver i klubben.

– Nei, det er Lars Moldestad, som kjem utanfrå og ser ting med litt andre auge, som har teke initiativet. Men det har jo vore ein prosess der både eg og Steinar har vore inne og diskutert. Så det er ei felles løysing, seier han.

Han meinar sjølv at det nye ansvaret langt større oversikt over heilskapen i klubben, og at han vert meir involvert i forhold til den, noko han ikkje kunne gjere som sporsleg ansvarleg.

Pressekonferanse Brann 03.05.10

Både Steinar Nilsen og Roald Bruun-Hanssen får nye roller i Brann.

Foto: Linda Ekeland

Manager-løysing

Trenar Steinar Nilsen får no meir ansvar og meir makt i klubben. Som både trenar og sportsleg ansvarleg, er rolla ikkje ulik managarane i dei engelske fotballklubbane.

– Det er ikkje ein maktmodell som vert satt opp. Men det vert kanskje ein kortare beslutningsveg, og trioen her på pressekonferansen vert jo sentral. Så eg ser det slik at me som arbeider dagleg med sport, kan komme tettare på beslutningane. Det vert ein teammodell, og me må spele kvarandre gode, seier Nilsen.

Nilsen har erfaring frå begge jobbane i Tromsø.

– Det er bra å ha den erfaringa og kjenne til dei utfordringane som ligg der. Men me har og kompetanse som har vore her heile tida. Roald Bruun-Hanssen er i klubben, og kjem til å vera sentral, og ikkje minst Lars Moldestad, seier han.

LES ÒG: – Uklokt med dobbeltrolle

Måtte gjera noko

Lars Moldestad seier at det har vore mykje berettiga kritikk mot klubben, og at dei måtte gjere noko.

– Roald har ein del kompetanse, mellom anna frå tida i NFF, som me må utnytte i klubben. Me har utfordringar på økonomisida og markedsida, og me må få ein meir profesjonalisert organisasjon, seier Moldestad.

No meiner han det er viktig å gjennopprette tilliten hjå dei som støtter sportsklubben, og det hastar.

– Me kan ikkje ringe rundt til kreditorar, bankforbindingar og investorar og be om hjelp om me ikkje klare å lage ein effektiv og truverdig organisasjon. Så difor må me handle no, seier han.