NRK Meny
Normal

– Skal ikkje le når ein tapar kampar

Brann-trenar Rune Skarsfjord provoserte mange då han smilte og lo etter 3-1 tapet mot 2.divisjonslaget Nest-Sotra i forgårs.

Video Rune Skarsfjord svarar på kritikken

Brann-trenar Rune Skarsfjord svarar på kritikken om framferda hans etter kampen mot Nest-Sotra i forgårs.

Kva meiner du? Kommenter kritikken nederst i artikkelen!

– Det ser ut for meg som at innstillinga ikkje er der som den skal vera, og når Skarsfjord fleipar det vekk etter kampen, så forsterkar han signalet om at det ikkje var så viktig, seier NRK Hordaland sin fotballekspert og tidlegare Brann-spelar, Magnus Johansson.

– Grev si eige grav

– Det er vanskeleg å seia om han er sjokkert eller ikkje over resultatet, men til sjuande og sist handlar det om at ein kvar dag skal gå og gjera sitt beste, og skapa eit resultat og ein kultur der ein har fokus på å prestera betre.

– Personleg syns eg ikkje at ein skal le når ein tapar fotballkampar, og eg syns ein skal framstå seriøs i høve motstandarar og prestasjonane ein skal gjera framover, seier Johansson.

Også Bergensavisen (BA) sin fotballkommentator, Tormod Bergesen, reagerte på Brann-trenaren sitt glis etter det audmjukande tapet.

– Poenget er at det sannsynlegvis kjem mange, mange kampar som Brann kjem til å tapa denne sesongen, og viss han fortset å le det vekk, så kan han fort grave si eige grav, seier Bergesen.

Video Skarsfjord haustar kritikk frå fotballekspertar

KRITIKK: Fleire fotballekspertar meiner det var uheldig av Brann-trenar Skarsfjord å le og smila etter nederlaget mot Nest-Sotra, kun seks dagar før Brann møter Rosenborg til seriestart.

– Dei kjenner ikkje meg

– Dei får meine det dei vil, men det er ikkje alle som ser heilskapen i det. Eg trur at dei som ikkje veit kva som skjer både framføre kamera og inne i garderoben skal vera forsiktige med å uttala seg, seier Skarsfjord til nrk.no.

– Dei som trur at eg tok lett på tapet kjenner meg altfor dårleg, legg han til.

Til trass for at smilet til Brann-trenaren ligg lett på lur, meiner Skarsfjord sjølv at han også klarer å formidla alvoret i situasjonen.

– I intervjua viser eg både at det var dårleg av oss å tapa, men også at me må koma oss fort vidare og tenkja på seriestart mot Rosenborg.

– Me tek alle kampar på alvor, og me er jævlig forbanna når me tapar. Men når ein driv med toppidrett så kan ein ikkje driva å tulla med ein sånn kamp i fem dagar, ein må koma seg vidare.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.