Hopp til innhold

Politiet åtvarer: – Ikkje gå ut!

«Nina» herjar på Vestlandet. Politiet åtvarer folk på det sterkaste mot å gå ut. – Det er farleg å bevega seg ut no.

Nina ved Fanafjorden i Hordaland

HØGE BØLGER: Dette er frå Fanafjorden i Bergen. Politiet oppmodar om å ikkje gå ut for å sjå på bølgene.

Foto: Ruth Følstad

– Me har vore veldig på at folk skal halde seg innandørs i dag, og for all del ikkje gå til sjøen for å sjå på bølgene. Me vil ikkje ha nokon som blir skylt ut på bølgene, seier operasjonsleiar Jarle Utne Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Det vil ikkje vera mogeleg å leite etter folk som forsvinn i bølgene, så her er det berre ein ting å gjere, å halde seg godt innandørs, breie over seg og å ta fram ei god bok, legg han til.

- Farlig å gå ute

I Hordaland politidistrikt haglar det med meldingar frå publikum. Operasjonsleiaren åtvarar folk mot det heftige vêret.

- Folk kan ikkje gå ut no. Til dømes i Bergen sentrum, vi får meldingar om lause taksteinar, presenningar og anna. Det er rett og slett farleg.

Men oppmodinga gjeld også heile Hordaland fylke.

– Me har fått meldingar om sterk vind, lause takplater, båtar som har slite seg, flytebrygger som er på rek, lause takstein, blikkplater som fyk, med meir, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Magnussen.

– Me fryktar at folk ute skal få føle vinden og at det blir personskadar av ting som fyk i vinden, men heldigvis har dette gått bra til no.

Kva vil de oppmode folk om å gjere?

– Folk som ikkje treng å reise ut i dag bør halde seg inne. Dei må også sikre lause gjenstandar som dei ser kan drive laus, seier Magnussen.

Vil det ikkje vera farleg å sikre lause gjenstandar?

Tre blåst ned i Tertnesveien i Åsane

NEDBLÅST: Slik så det ut i Tertnesveien i Bergen i 15-tida laurdag.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Der må ein ta ein vurdering ut frå det ein ser, det er viktig.

Uroa for tre som kan velte på E39

I Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har dei endå ikkje hatt veldig store skadar. Ein del tre har blåst ned og det har også ein del straummaster gjort på enkelte vegar på Stord og i Fitjar.

– Det har stort sett avgrensa seg til det. Me har hatt det mest hektisk i Rogalandsdelen i vårt distrikt, seier Reitan.

Tre blåst ned over E39 ved Grov på Stord

SVÆRT TRE: I 15.30-tida fekk NRK dette biletet frå Grov på E39 på Stord. Eit svært tre hadde rast ned over vegen, som er sperra.

Foto: Bjørn Erik Ovesen

Vegen som er stengd er vegen frå Heiane mot Sagvåg på Stord, og politiet er uroa for at fleire tre skal velte. Kort tid etter fekk NRK bilete av nettopp det.

– Det me er mest uroa for er nokre tre som held på å velte over E39 på fjellgardane like før Grov på Stord, seier Reitan.

– Der har me varsla vegtrafikksentralen som har sendt ein entreprenør på staden for å sikre dette, seier han.

Laster Twitter-innhold