NRK Meny
Normal

– Ho fortener betre

For litt over ei veke sidan vedtok formannskapet i Etne å sommarstenga Skånevik omsorgssenter i sju veker. Fire eldre har no blitt flytta til Etne, og dei pårørande er fortvila over eit så kort varsel.

Ragnhild Bull-Tornøe

FORTVILA: Ragnhild Bull-Tornøe (83) har blitt flytta mot sin vilje. Her er ho saman med barna sine, Sofie Knudsen og Alf Ole Bull-Tornøe, som meiner det er uforsvarleg at ho er blitt flytta på så kort varsel.

Foto: MARTE ROMMETVEIT / NRK

Kommunen manglar helsepersonell, og meiner dei ikkje klarar å gje eit godt nok tilbod til pasientane. Difor vel dei å stenga Skånevik omsorgssenter i to månadar.

Søskenparet Alf Ole Bull-Tornøe og Sofie Knudsen har hatt mor si på 83 på sjukeheimen. Og dei er sterkt prega av flyttinga.

– Eg tykkjer det er eit overgrep mot eldre og ressurssvake personar. Lovverket seier klart og tydeleg at både dei pårørande og pasientane skal bli høyrd når det blir gjort endringar i tilbodet.

– Mi mor er ganske dårleg. Ho har slett ikkje godt av å bli flytta på, seier Alf Ole Bull-Tornøe.

Mora Ragnhild er delvis lam og har mista språket. Ho er avhengig av kjente omgivnader. No vert adressa Etne sjukeheim, som ligg 30 minutt frå Skånevik med bil.

– Me trur ho kjem til å reagera negativt på flyttinga. Ho har vore på omsorgssenteret under trygge rammer i fem år. Ho har blitt kjend med folk som kan tolka og lesa ho sidan ho nesten ikkje kan snakka.

Ekstra møte

I dag heldt formannskapet eit ekstraordinært møte om saka sidan fleire av dei pårørande sette seg i mot flytting. Kommunen snudde ikkje i saka, og i ettermiddag kom ein drosje og henta bebuarane.

– Me fekk oppdatert status frå administrasjonen og frå tilsynslegen i dag, og situasjonen har ikkje endra seg. Det er ikkje forsvarleg å halda ope i sommar. Dermed måtte med halda fast på vedtaket om å flytta pasientane, seier ordførar i Etne, Sigve Sørheim.

– Eg kjenner meg tom og makteslaus. Eg tenker på det stakkars mennesket som blir køyrd vekk og blir sett av på ein framand plass som ei pakke, seier sonen Alf Ole.

Dottera Sofie Knudsen er også svært oppgitt over situasjonen.

– Eg synest mamma fortener noko betre i sin siste fase av livet.

Skånevik omsorgssenter

MÅ STENGAST: Omsorgssenteret i Skånevik må stengast for sommaren.

Foto: MARTE ROMMETVEIT / NRK

– Hadde ikkje val

Ordføraren i Etne synest det er veldig leit at det måtte bli slik. Men meiner kommunen ikkje hadde noko val.

– Me fekk ein akutt situasjon med fleire oppseiingar blant dei tilsette, og me hadde ingen plan for sommaren som var forsvarleg, seier Sørheim.

Sigve Sørheim

IKKJE KJEKT: Ordførar Sigve Sørheim kunne ønska dei klarte å halda sjukeheimen open i sommarmånadane.

Foto: MARTE ROMMETVEIT / NRK

Sørheim innrømmer at vedtaket om å flytta pasientane nok kom litt brått på.

– Me skulle nok ha varsla brukarane og dei pårørande i lenger tid på førehand. Det er ingen god følelse når ein må gjera detta, men me gjer så godt me kan og vil ta vare på pasientane på best mogleg måte, seier han.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.