Hopp til innhold

– Alexander kunne ha vore i live i dag

Robin Dale Oen meiner livet til broren Alexander kunne vore berga. Han kritiserer støtteapparatet til broren for å ha oversett hjartesjukdommen hans.

Alexander Dale Oen

– Hadde me ikkje vore idrettsutøvar, hadde me vore som mannen i gata – då hadde Alexander heilt sikkert vore i live i dag. Ein vanleg lege hadde oppdaga hjartefeilen veldig fort, seier Dale Oen.

Hjartet til Alexander Dale Oen stoppa på høgda av idrettskarrieren. Han døydde brått, og utan forvarsel under ei samling med svømmelandslaget i USA i april 2012.

Han visste han hadde hjartesjukdom i familien, men første teikn på at noko var alvorleg gale, fekk ikkje symjaren før vinteren for tre år sidan.

– Han fekk eit hjarteåtak om lag tre månader før han gjekk bort. Men ein fann ikkje ut kva det var før etter at han døydde, fortel Dale Oen.

Lei seg for det som skjedde

Sjefslege i Olympiatoppen Roald Bahr kunne ønska dei hadde klart å finna ut av sjukdommen.

Roald Bahr

Roald Bahr i Olympiatoppen beklagar at dei ikkje klarte å oppdaga hjartefeilen.

Foto: Anna Stålberg / SVT

– Me har respekt for bodskapen til familien, og deira sorg. Den delar me. Både Olympiatoppen og vår behandlande lege gav ei orsaking utan atterhald til familien då obduksjonsrapporten blei presentert. Denne orsakinga står me for også i dag. Alexander Dale Oens hjartesjukdom kunne vore oppdaga, men verken me eller ei rekke ekspertar evna å avdekka den. Det beklagar me.

Vanleg genfeil

Ottar Nygaard

Kardiolog Ottar Nygård meiner det ikkje er vanskeleg å diagnostisera genfeilen som Alexander Dale Oen hadde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Først etter obduksjonen kom diagnosen. Sjukdommen fekk eit namn: Familiær hyperkolesterolemi. Det er ein arveleg genfeil, og det er mogleg at så mange som ein halv prosent av alle nordmenn har den, fortel professor i kardiologi ved Universitetet i Bergen, Ottar Nygård.

– Sjukdommen er lett å finna ut av fordi ein treng berre å ta ein vanleg blodprøve, og sende den til Rikshospitalet. Der utfører dei ein gentest, og ein får svar i løpet av ei veke.

Kor farleg er sjukdommen om ein får medisin for den?

– Om ein tar medisin, meiner nokon at risikoen for hjarteåtak er nede på nivå med dei som ikkje har ein genfeil, seier Nygård.

Robin Dale Oen

Robin Dale Oen har sjølv ikkje den arvelege hjartesjukdommen. Han vart undersøkt etter at broren mista livet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ikkje bitter

Storebroren seier han ikkje er bitter på at genfeilen ikkje vart oppdaga, trass i symptom og familiehistorikk. Men han håpar ein kan læra av dødsfallet.

Burde de ikkje sjølv ha tenkt på at de kunne vera sjuke?

– Me visste at det var sjukdom i familien, men me tenkte at me ikkje kunne bli ramma. Me var jo toppidrettsutøvarar og fokuset vårt var på å bli best i verda.