Hopp til innhold

– Historia og sjarmen til bilane er fascinerande.

I dag har Festplassen i Bergen vore fylt med den folkekjære Folkevogna. Her kan du sjå bilde av dei tradisjonsrike bilane.

Biltreff
Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

Dei gamle Volkswagen-bilane med motoren bak har fanga merksemda til mange nordmenn.

– Det er blitt veldig populært med luftkjølte bilar. Bilane er sikre i drift, og dei frys ikkje om vinteren. Det er gode bilar, seier Kristian Gelin, forman i Volkswagen Auto Club Bergen.

Klubben blei stifta i 1987 og har sidan den gong arrangert eit årleg treff for vestlandets luftavkjølte Volkswagens i Bergen.

I dag har bilane vore utstilt på Festplassen.

– Flotte bilar

Bilparken omfattar alt frå original 1200 frå 1949 til nyare og modifiserte 1303S frå 1973.

– Historia og sjarmen til bilane er fascinerande. Alle har ei historie om ei folkevogn, og så er det flotte bilar. Dei er enkle å skru på og det er lett å få tak i delar, seier Gelin.