Hopp til innhold

– Her er det fritt vilt

Tilliten til at politiet gjer nok i innsatsen mot narkotika er minkande i Hordaland, det viser politiet si innbyggjarundersøking.

Politiet i Nygårdsparken
Foto: Jan Inge Ebbesvik / NRK

Nordmenn og hordalendingar har tiltru til at politiet gjer ein god jobb. Men når det kjem til narkotikasaker er tiltrua langt meir tynnslite.

– Det er vel fordi me ser så openlyst at her er det fritt vilt. Eg går over haugen omtrent dagleg og her skjer bruk og omsetting for open scene. Du kan få kva du vil her oppe, så eg føler at politiet ikkje er tilstades i det heile tatt, seier ei kvinne NRK møter eit stykke frå Nygårdsparken.

Medan nesten 90 prosent av hordalendingane seier at dei har tillit til politiet, har berre litt over halvparten tillit til at politiet gjer ein god jobb i innsatsen mot narkotikakriminalitet.

– Riktig oppfatting i 2009

I området til Hordaland politidistrikt har folk det siste året blitt meir skeptiske til jobben som blir gjort mot narkotika.

– Det er nok ei riktig oppfatting når det gjeld 2009. På grunn av den utfordrande ressurssituasjonen me var i, så har aktiviteten vår på det området vore lågare, seier visepolitimeister Jon Reidar Nilsen.

– Kva konsekvensar har det fått?

– Konsekvensane er at færre saker er blitt avdekka, og færre er blitt pågripne enn det som har vore målsetting for året. Men me ser no for 2010 at arbeidstidsavtalen som blei inngått i fjor hjelper veldig godt på, og aktiviteten no er på det normalnivået me meiner det skal vera i forhold til prioriteringa som den typen saker skal ha, seier Nilsen.

Fokus på å hindra nyrekruttering

– Publikum meiner at folk kan stå og selja narkotika openlyst, er det ein situasjon som de kan leva med?

– Politiet generelt og ikkje minst i Hordaland er opptatt av at ein ikkje skal kunna stå openlyst og driva med sal og omsetting av narkotika, så narkotika er eit prioritert område, og vil også vera det i 2010, seier Jon Reidar Nilsen.

– Kva målsettingar har de for 2010?

– I 2010 har me same fokus som me tidlegare har hatt. Det eine er unge personar for å hindra nyrekruttering, og det andre er å ramma dei som opererer som bakmenn og har profittmotiv i forhold til narkotikaomsetting.