Hopp til innhold

– Altfor strengt å skulle forby basehopping

Stortingsrepresentant meiner lokalpolitikarane sitt initiativ for å forby basehopping er feilslått. – Ein kan ikkje forby alt ein ikkje likar, seier Høgre-mannen.

Basehopp

SPEKTAKULÆRT: Ein basehoppar på veg utfor kanten på «Nebbet» i Aurland. No går diskusjonen på om politikarane skal få forby sporten.

Foto: Anders Vevatne Hereid / Scanpix

Det er ordføraren i Aurland som har bede regjeringa om å ei ny lov som gjer det strengare å få drive med basehopping. Det skjer etter utviklinga i sporten dei siste åra, og tre dødsulukker berre i Aurland på kort tid i 2013.

Men å gå så langt som å gjere det vanskelegare eller ulovleg å få hoppe, er feil, meiner stortingsrepresentant frå Høgre, Peter Christian Frølich.

Per Chr. Frølich

SKEPTISK: Eit forbod mot basehopping er altfor strengt, meiner Høgre sin Peter Christian Frølich.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg er prinsipielt veldig skeptisk til å forby basehopping. Eg meiner at i veldig mange tilfelle verker det litt sprøtt det dei held på med, men det betyr ikkje at ein skal forby det, seier Frølich.

Tre døydde i fjor

I 16 år på rad har basehopping i Gudvangen vore ein sentral del av Ekstremsportveko på Voss. Utgangspunktet Nebbet og Sparkling i Gudvangen er omtalt som baseområde i verdsklasse, ifølgje utøvarane sjølve, og svært populære plassar å drive med sporten.

Distad har teke til orde for forbod etter det som hendte seinsommaren i fjor. På litt over ein månad i fjor haust omkom tre menn etter basehoppulykker i Gudvangen. I september døydde ein person i ei ulukke, kort tid etter eit dødsfall i juli og eit nytt eitt i august.

Difor har han bede Justisdepartementet om ei lovendring, som skal gjere det mogleg å totalforby sporten i enkelte tilfelle.

– For strengt

Noralv Distad

RISIKO: Noralv Distad, Aurland-ordførar, vil ha moglegheita til å forby basehopping.

Foto: pressefoto

Frølich meiner sjølv dette er for strengt.

– Vi har ikkje konkludert i Høgre på dette spørsmålet, men min haldning vil vere veldig, veldig negativ til eit forbod, seier han.

– Ein kan ikkje forby alt ein ikkje liker, legg han til.

Men ordførar Distad er redd konsekvensane dersom ikkje lova blir endra.

– Per i dag meiner eg det er altfor stor risiko i sporten. Dette har hatt fatale konsekvensar, som er veldig tragisk for dei det råkar og familie og vener rundt.

– I tillegg er basehopp-ulukker krevjande for redningsmannskapa som skal inn, seier Distad.

Saka held fram under.

Basehopp

VIKTIG DEL AV VEKO: Basehopping frå Aurland er ein viktig del av den årlege Ekstremsportveko på Voss. Leiaren for 'Veko' trur utøvarane vil hoppe uansett forbod eller ikkje.

Foto: Anders Vevatne Hereid / Scanpix

Trur folk hoppar uansett

Dagleg leiar for Ekstremsportveko, Pernille Olafsen, Difor meiner ho det er betre at hoppinga skjer innanfor trygge rammer og på lovleg vis.

– Vi kan ikkje garantere at det ikkje vil skje ulukker på vårt arrangement. Men det vi kan gjere er å leggje til rette for basehopparane, som kan hoppe på best og tryggast mogleg vis med vårt tryggleiksapparat tilgjengeleg.

Ho er redd basehopparane uansett ikkje vil respektere eventuelle lovendringar.

– Eg trur dei kjem til å hoppe uansett om det blir innført forbod.