Hopp til innhold

– Havbruk vil bli større enn olja

Havbruk vil gå forbi olja og bli den største eksportnæringa. Det meiner aktørar i sjømatnæringa.

Laks
Foto: Francisco Negroni / Scanpix/AFP

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) innleia i dag ein sjømatskonferanse i Bergen. Temaet i innleiingsforedraget var om sjømat kan bli den nye olja for Noreg.

– Det er ikkje noko lite gap me skal prøva å fylla. Me treng brei satsing på forsking og teknologiutvikling, sa Berg-Hansen.

Ikkje noko klart svar

Hans Runshaug er dagleg leiar i opprettsfirmaet Sjøtroll Havbruk på Austevoll. Han deltok på konferansen i Bergen.

– Me fekk naturlegvis ikkje noko klart svar på spørsmålet om sjømat kan bli den nye olja. I dag utgjer olja 64 prosent av norske eksportinntekter. Sjømatnæringa er nummer to og utgjer knappe seks prosent, seier Runshaug.

– Havbruk må veksa

– Om olja skulle forsvinna verkar det ganske umogleg at sjømat skal fylla heile det gapet, men samstundes så trur me at havbruk om ein del år vil vera den største eksportnæringa, og bli større enn olja, seier Runshaug.

– Kvifor vil dette skje?

– Oljeressursar er ikkje fornybare. Prognosane frå 2015 og utover viser stor nedgang i oljeinntekter. Då må havbruk som nummer to veksa. Næringa må og ønskjer å veksa, på ein berekraftig måte, understrekar Hans Runshaug.