NRK Meny
Normal

– Har aldri høyrt om liknande saker

Det er svært spesielt at ein 18-åring blir varetektsfengsla og sikta for seksualdrap, seier valdtektsforskar.

Jim Aage Nøttestad

EKSPERT: Jim Aage Nøttestad ved St. Olavs Hospital.

Foto: Mari Langva / NRK

Hilda Feste

HILDA FESTE: 98-åringen blei drepen 1. nyttårsdag.

Foto: Oddmund Lunde

I dag blei ein 18 år gamal mann frå Os varetektsfengsla i fire veker, sikta for drap og valdtekt på 98 år gamle Hilda Feste .

Feste blei drepen i omsorgsbustaden sin i Gamleheimshagen i Os 1. nyttårsdag. 18-åringen blei pågripen og sikta tysdag kveld .

– Svært spesielt

– Dette er svært spesielt. Eg har ikkje høyrt om noko slikt før, seier seniorforskar og valdtektsekspert Jim Aage Nøttestad ved St. Olavs Hospital.

Han har spesialisert seg på å granska seksuelle overgrep, og har knapt vore borti liknande saker.

Valdtektsforskaren seier det er spesielt i norsk rettshistorie når ein 18-åring
blir varetektsfengsla for seksualdrap mot eit gammalt menneske.

Ragnhild Bjørnebekk

VALDSFORSKAR: Raghild Bjørnebekk seier saka er unik i Norge.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– I det heile tatt er jo valdtekt mot eldre kvinner svært sjeldan, seier Nøttestad.

– Ekstremt sjeldan

Valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen og Universitetet i Oslo har heller aldri vore borti liknande saker i Norge med så stor aldersforskjell.

– Om 18-åringen i Os skulle vera skuldig, og viss det her og er snakk om seksuelt overgrep, er det ekstremt sjeldan med så stor aldersskilnad mellom ein overgriper og offer. Vi har nok ikkje sett liknande tilfelle i Norge før. Og kombinasjonen seksuelt overgrep og drap er svært sjeldan, seier Bjørnebekk til bt.no.

Bjørnebekk seier ho uttaler seg på generelt grunnlag, og kun baserer seg på medieomtalen av saka.

Varetektsfengsling Os-drapet

VARETEKTSFENGSLING: Frå venstre bistandsadvokat Beate Hamre, forsvarar Rolf Knudsen og politiadvokat Asbjørn Onarheim i Nordhordland tingrett i dag.

Foto: Lisa Turøy Christiansen / SCANPIX

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.