Hopp til innhold

– Håpar fleire oppdagar perla Osterøy

Ein jublande ordførar håpar fleire vil flytte til Osterøy no når det er gratis å køyre over brua. Men det er slett ikkje sikkert, ifølge forskar.

FØRST OVER: Første bilist over gratis bru, Cecilie Bermejo, fekk blomar

– Takk for at du har støtta systemet i mange år, seier styreleiar i Osterøy bruselskap, Birger Skår til Cecilie Bermejo. Ho var første bilist som kunne køyre gratis over Osterøybrua.

– Eg hadde ikkje tenkt at eg skulle vere først over brua, så eg blei litt paff. Det er grådig kjekt, seier ho.

Det er fleire enn Cecilie som synest denne dagen er kjekk. Ostringane har møtt opp med flagg og ballongar. Ordførar Kari Foseid Aakre ei av dei som feirar i dag.

Gratis bru

GRATIS: No blir det billegare å reise til og fra Osterøy

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Ønsker fleire til Osterøy

– Eg trur at Osterøy kommune vil få eit løft.

Ordføraren skryt av alt som er bra på øya. No trur ho det at bompengane forsvinn gjer at folketalet vil auke.

– Eg trur fleire vil oppdage den perla Osterøy er, og ønske å busette seg her hos oss, seier Aakre.

Og det kan hende ho får rett, men det er ikkje sikkert.

Nils Lygre

STØRRE FRIDOM: Nils Lygre meiner fridomen med brua blir større no

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Bompengar betyr ikkje mest

Jørgen Aarhaug er forskar ved Transportøkonomisk institutt. Han forklarer at det er mykje som spelar inn når folk skal velje stad å bu.

– Undersøkingar viser at bompengar generelt sett ikkje har så mykje å seie for folk si åtferd, seier Aarhaug.

Grunnen er at når bompengane kjem som ei rekning i posten, ser ikkje folk dei som ei ulempe. Det blir berre ei av fleire utgifter, og noko ein aksepterer.

– Er det naivt å tru at fleire vil flytte til Osterøy på grunn av gratis bru?

– Nei. Når bompengane var såpass høge så kan det ha noko å seie. Men det kjem an på trafikken i området, andre vegprosjekt, og etterspurnad etter bustad i for eksempel Bergen.

Forskaren meiner at det aller viktigaste er at folk har god tilgang til dei tenestene dei ønsker.

Inger Lygre

GLAD BEBUAR: Inger Lygrea lovar å besøke slekt og vener på andre sida av fjorden.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Som då Berlinmuren fall

– Kor tid kan ostringane vente å sjå eventuelle resultat på innbyggartal då?

– Det kan ta veldig lang tid. Alt frå fem til tjue år. Det tek jo tid å regulere om til bustader, bygge ut og det tek tid å etablere eit område som eit attraktivt sentrum.

Han presiserer at det å bli kvitt bompengane uansett ikkje vil så negativt ut, men kor stort utslag det vil få på folketalet er vanskeleg å vite.

Vent å sjå, seier altså forskaren. Men dei som har budd på øya ei stund veit alt kva det har å seie for dei.

– Det betyr svært mykje! Fridomen med brua blir endå større no når det er gratis, seier Nils Lygre. Han er ein av dei som møtte opp ved brua med ballong i handa.

Inger Lygre lovar å besøke slekt og vener over fjorden heile tida.

– Det blir nesten som så muren fall, seier ho og ler.