Hopp til innhold

– Håpar å snart vere tilbake på jobb

Inge Tangerås har vore suspendert frå stillinga som hamnesjef sidan han vart sikta for korrupsjon i forbindelse med cruise-saka. No reknar han med å snart vere tilbake.

Inge Tangerås

VIL TILBAKE: Inge Tangerås vil tilbake på jobb, etter at korrupsjonssiktelsen mot han fredag blei lagt bort.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Fredag vart det klart at statsadvokatane i Hordaland ikkje tek ut tiltale mot tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, cruiseskipsreiar Torstein Hagen og den suspenderte hamnesjefen Inge Tangerås. Saka er lagt vekk på bevisets stilling.

Tangerås har hatt siktinga hengjande over seg i 15 månader. Han er svært letta over at saka no er lagt bort.

– Det var stor glede og lette då eg fekk beskjeden. Saka er med dette avslutta, seier Tangerås til NRK.

Tangerås er ikkje overraska over at saka blir lagt vekk.

– Eg har vore ganske trygg på at dette ville bli konklusjonen. Det som derimot har overraska meg er den lange tida det har teke å kome fram til konklusjonen.

– Ei tung tid

Den suspenderte hamnesjefen legg ikkje skjul på at det har vore ein belastande periode.

– Både for meg personleg, mine nærmaste og mine kollegaer i Bergen og Omland havnevesen. Det er ikkje kjekt å leve med ei slik uvisse på skuldrene i så lang tid. Desto større blir gleda når det no endeleg er over.

No håpar Tangerås å kome tilbake i jobben som hamnesjef.

– Eg blei suspendert frå stillinga då politiet innleia etterforsking og eg blei sikta. No som siktinga fell bort og dermed grunnlaget for suspensjonen borfell, reknar eg med at eg snart er tilbake i stillinga, seier Tangerås.

Vil halda ekstraordinært styremøte

Styreleiar i Bergen og Omland havnevesen, Jan Erik Kjerpeseth, seier dei no vil halda eit ekstraordinært styremøte.

– Det er naturleg at styret no tek stilling til suspensjonen i eit styremøte ganske raskt. Dette må vi gjere før vi kan seie noko om kva som skjer vidare.

Jan Erik Kjerpeseth, adm.dir Sparebanken Vest

EKSTRAORDINÆRT STYREMØTE: Styreleiar i Bergen og Omland havnevesen, Jan Erik Kjerpeseth, vil halda eit ekstraordinært styremøte, helst før jul.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Kjerpeseth håpar å få halde styremøtet før jul. Han er glad for at saka no får ei avslutning.

– Dette er gledeleg for Inge, det har vore ei stor belastning for han og familien. Det har òg vore ein krevjande situasjon for havnevesenet. Styret har ikkje gått inn i sjølve politisaka, og har venta på statsadvokaten sin konklusjon, seier Kjerpeset.

Kritisk til politiet

Tangerås har ikkje bestemt seg for om han vil ta vidare rettslege steg i etterkant av saka.

– Eg er sterkt kritisk til tidsbruken frå politiet si side, og måten heile etterforskinga har gått føre seg er ganske kritikkverdig. Eg opplevde politiet som svært forutinntatt og med liten kunnskap og forståing for den rolla ein har som hamnesjef.

– Saka blei lagt bort etter bevisets stilling. Er du nøgd med det?

– Forsvararen min har argumentert for henleggelse på grunn av intet straffbart forhold, men vi ser på dette som ei full frifinning slik henleggelsen er formulert, seier Tangerås.