NRK Meny
Normal

– Håpar å følgje opp fleire narkosaker framover

Politiet meiner nedprioriteringa av narkotikafeltet har fungert, og seier det no er færre straffesaker som står i kø.

Kaare Songstad

NAUDSYNT: Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, meiner narkofeltet måtte nedprioriterast for å fokusere på andre saker.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Vi har gode forklaringar på omprioriteringane vi har gjort den siste tida, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad.

I helga fortalde VG at politiet lar vere å etterforske narkotikasaker fordi sakene tar for lang tid.

– Vi var nøydde til å gjere noko med inntaket vårt av saker, for å få meir kontroll på portefølja vår og få avvikla dei sakene vi hadde liggjande. Prioriteringane har fungert og situasjonen er no betre, seier Songstad.

Songstad seier politidistriktet har vore i ein spesiell situasjon med mange uavgjorte straffesaker liggjande, og at ressursar difor har vore prioritert til organisert kriminalitet mot barn og saker om menneskehandel.

– Prioriteringane for 2017 er lysare, og vi håpar å kunne gå i gang med fleire av nettverkssakene i tida som kjem. Narkotikakriminalitet er eit av desse felta, seier Songstad.

Leiinga gav beskjeden

Songstad bekreftar at det har blitt lagt føringar for etterforskarar og spanarar om å ikkje gripe inn i narkotikasaker.

– Det blei gitt signal i organisasjonen som handla om at vi skulle få ned inntaket av saker. Det var heilt naudsynt, seier Songstad.

– Ei straffesak som blir starta på skal òg avsluttast. Desse balansane i straffesakskjeda i Vest politidistrikt har vi vore nøydde til å gå inn i.

– Frå kva nivå kom desse beskjedane?

– Dette var før mi tid, men eg forstår det slik at det kom frå leiinga. Det har vore ein beskjed om at ein skal vere forsiktig med å starte nye, større saker. Beskjeden kom ovanfrå, seier Songstad.

Han seier Vest Politidistrikt har gjort eigne undersøkingar av eventuelle lovbrot etter at varslinga blei mottatt, men vil ikkje utdjupe kva dei har kome fram til.

Kan få konsekvensar vidare

Politimeisteren ser ikkje vekk frå at prioriteringane kan ha gått ut over moglegheita til å hente inn informasjon på narkotikafeltet òg i tida framover.

– Har de mista kontakten med og oversikt over desse miljøa?

– Eg får ikkje håpe det, men det kan ha vore ein negativ effekt, seier Songstad.

Siste video

Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.