Vi er heime hos forfattar Ole Røshold i Bergen. På bordet ligg ei oppslått bok, der eit portrett av den unge marineoffiseren Thomas Konow lyser mot oss.
Måleriet har vore modell for illustrasjonane av Konow i boka "Yngstemann på Eidsvoll", som kjem ut i desse dagar.
Men kven var han, den pur unge bergensguten som i ein alder av berre 17 år var med og forfatta vår nasjons kanskje aller viktigaste dokument, nemleg grunnlova?
Sjølv om Røsholdt er nøye med å understreka at det ikkje er snakk om ein biografi, kan nok historia om den unge Thomas bidra til å gjera yngre lesarar engasjerte i Noreg si historie.
Ei tilfeldig historie
– Visst vi går ut på gata og spør unge bergensarar om kven Thomas Konow er i dag, kva trur du vi får til svar?
Røsholdt dreg på smilebandet.
– Heilt ærleg reknar eg med det er svært få, om nokon i det heile, som har aning om kven han var.
Om den unge Konow er ukjent blant dagens 17-åringar, har historia om han så mange spenningsmoment og ikkje minst bortimot absurde trekk at alt skulle liggja til rette for ei fornya interesse.
At han i det heile skulle vera ein av dei 112 mennene som møttest på Eidsvoll 10. april 1814, kan òg kallast eit historisk tilfelle.
– Han var jo som militær oppdregen til å lyda ordre. Slik sett ville nok dagens ungdom vera betre rusta til å forstå omgrep som fridom og sjølvstende, seier Røsholdt.
Offer for "overdriven moderskjærlighet"
Som yngste bror av 13 søsken vaks Thomas Konow opp like ved Nykirken på Nordnes i Bergen. Dei var velståande folk, men då Thomas er to år gamal døyr faren. Det får store følgjer for familien.
–Brørne hans var ikkje myndige etter den tids målestokk, men berre 19 og 20 år gamle klarte dei likevel å stabla på beina ei svært vellukka forretningsverksemd der dei eksporterte fisk og importerte korn.
Kva så med Thomas? Jo, som yngstegut syns nok dei eldre brørne at han rett og slett blei litt for bortskjemt. Dermed avgjorde dei at guten skulle sendast til København for å utdannast til marinen.
Berre tolv år gamal blei han sendt til sjøkadettakademiet i København. Då han som 16-åring var ferdig utdanna, bar det rett i krigen.
– Vi har skriftleg frå storebroren, som fortel at då Thomas skulle sendast av garde til Danmark måtte dei nærast smugla han ut av byen for å få han i veg. Årsaka var det broren skildrar som "overdreven moderskjærlighet".
For ung til å ha røysterett, gamal nok til å laga grunnlov
Det har ikkje vore enkelt å forma ut historia, fortel Røsholdt. Enkel er heller ikkje historia som kan forklara kvifor nettopp ein 17 år gamal marineoffiser var blant dei som skreiv under Noregs grunnlov våren 1814.
–Det kjem av at det var eit krav at det skulle vere representantar frå militæret blant dei utsende til Eidsvoll, dei som skulle sørgja for å gi landet ei grunnlov.
–Men kvifor ein så ung?
–Han var rett og slett ein av dei få som var aktuelle. Marinen var underlagt danskekongen, dermed hadde offiserane der avlagt eid om truskap til den danske kongen. Men prins Christian Fredrik kravde truskapsløfte til det sjølvstendige Noreg. Dermed kom mange i ei samvitsknipe, seier Røsholdt, og forklarer vidare:
–Av dei som var norske og som dermed kunne vedkjenna seg ønsket om norsk sjølvstende med reinast samvit, utan å bryta ein heilag eid til kongen, var det til slutt berre tre att. Ein av dei var Thomas Konow. nbsp;
Den andre representanten frå marinen var Konow sin overordna, nemleg kommandør Fabricius. Han var mannen som etter at den hektiske månaden med grunnlovsarbeidet var over, held den berømte talen som enda med orda: "Enige og tro til Dovre faller!"
Saka held fram under biletet
Eit eventyrleg liv
Thomas sjølv lèt etter seg svært lite skriftleg. Noko av det vi veit frå livet hans er det dei eldre brørne som er skriftlege kjelder til.
Trass i at han som yngstemann på Eidsvoll truleg opplevde dei lange politiske utleggingane som keisame, skulle Konow ha eit eventyrleg liv framfor seg.
Han steig etter kvart til topps i gradene i marinen og blei i 1860 utnemnd til kontreadmiral.
Blant anna var han på tokt frå Finnmark i nord, der grensene mot Russland på 1800-talet var eit heitt politisk tema, heilt til Middelhavet i sør under det svensk-norske marinetoktet dit i 1844.
Frå 1870 åra blei det òg ein skikk at 17. mai-toget i Oslo svinga innom Youngstorget, der Konow då budde, for å gjera ære på den siste attlevande Eidsvollsmannen.
Han blei buande i Oslo siste del av livet, til han sovna stille inn på sin eigen fødselsdag, 10. oktober i 1881.
Men korleis står det til med kunnskapen blant Bergens borgarar om det som må seiast å vera ein av historias viktigaste bergensarar? Vi tok med kamera ut i byen og spurde. Sjå kva vi fekk til svar i videoen under.