Hopp til innhold

– Han har eit veldig press på seg

– Valet av Ola Borten Moe som Senterpartiet sin første nestleiar legg eit stort press på han. No må han føre partiet sin politikk og oppføre seg.

Landsmøte senterpartiet

HELD FRAM SOM NESTLEIAR: Ola Borten Moe vart måndag på ny er vald som første nestleiar i Senterpartiet med 160 mot 142 stemmer.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det seier tidlegare statssekretær for Liv Signe Navarsete, Steinulf Tungesvik. Han er ein av dei som har engasjert seg i striden, og var ein av utsendingane i delegasjonen frå Hordaland senterparti under Senterpartiet sitt ekstraordinære landsmøte.

– Eg vil seie at dette resultatet først og fremst legg eit stort press på Ola Borten Moe om no å passe på å føre partiet sin vedtekne politikk og oppføre seg med god organisatorisk praksis, seier Tungesvik til NRK.

Vil fokusere på politikken

Steinulf Tungesvik

HÅPAR PÅ ENDRING: Steinulf Tungesvik håpar Ola Borten Moe vil endre spelestilen sin når han no er blitt på ny er vald som nestleiar i partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under persondebatten i Senterpartiet har Tungesvik støtta Navarsete og reagert på at det var Navarsete sine støttespelarar som vart skulda for å føre ein negativ kampanje mot Borten Moe i staden for det motsette.

– Han må legge vekk den typen metode som har vore litt for mykje av dei tre føregåande åra, og som har skapt uro gjennom angrep på andre tillitsvalde, partileiarar og så vidare. Det føreset eg no er eit overstått stadium, seier Tungesvik.

Med 160 mot 142 stemmer slo sørtrønderen Anne Beathe Tvinnereim frå Akershus. Tungesvik var ikkje nøgd med resultatet, men ønskjer likevel å sjå framover.

– No er valet gjort og resultatet er der. Det var ikkje det resultatet eg ønskte, men no må partiet tilbake etter persondebatten og fokusere på politikk, seier han.

– Nesten halve landsmøtet mot seg

Likevel peikar han på at Borten Moe har eit stort press på seg no som han er på ny er vald som første nestleiar i partiet.

– Han har nesten halve landsmøtet imot seg her, og eg føreset at han vil ta det innover seg og leggje seg på ein heilt annan stil.

Borten Moe hadde ein samla delegasjon frå Hordaland mot seg, men Tungesvik trur uansett ikkje at resultatet vil få nokon av motstandarane til å gå ut av partiet.

– Dette har vore ein heilt rein, open og ærleg strid. Slik må det vere når det er usemje om kandidatar, at ein slåst med blanke våpen fram til det er avgjort. No er det avgjort og no er vi alle innstilt på å snakke politikk og ikkje person, og det gjer vi sjølvsagt også med Ola Borten Moe.

Vil vere nestleiar for heile partiet

Tungesvik meiner det har vore viktig å hente fram ein del av dei uryddige situasjonane som har gått føre seg i Ola Borten sin krets i tida hans som nestleiar.

– Det har vore naudsynt å få det opp og vurdert det og diskutert det, men no er valet teke og no skal vi springe beinhardt fram for å slå tilbake den mørkeblå regjeringa, seier han.

Sjølv lova Borten Moe å vere ein nestleiar for heile partiet, også dei som har brukt dei siste vekene på å kjempe mot han.

– Når landsmøtet får sett punktum kjem mange til å spørje seg om vi no har kome over dette. Det trur ikkje eg, men eg skal jobbe for at vi skal kome over det og jobbe saman framover. Vi skal utfordre den sitjande regjeringa og har eit lokalval å vinne om eitt og eit halvt år, sa han frå talarstolen.