NRK Meny
Normal

– Hadde overlevd med bilbelte

Bilbelte kunne ha redda livet til ein nederlandsk trailersjåfør (47) og dottera hans (10) natt til torsdag, meiner vegvesenet.

Vogntog havnet utenfor veien på Stord

Vogntoget hamna i elva ved Ådland bru natt til torsdag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Dei to nederlandske statsborgarane omkom etter at traileren kjørte av vegen og hamna i elva ved Ådland bru på Stord natt til torsdag .

E39 som går over øya, er ein av dei farlegaste på Vestlandet , og denne natta var det svært glatt. Politiet varsla om tilhøva ved brua berre timar før ulukka.

Låg fart

Det er ingenting som tyder på at dei omkomne brukte bilbelter. Men hadde dei gjort det, ville dei ha overlevd, meiner overingeniør Andreas Eikeskog i Statens vegvesen.

– Hastigheita har ikkje vore høg. Hadde dei hatt belter på seg, så hadde dei truleg blitt forslått og gjerne fått nokre skader, men det hadde ikkje blitt eit så alvorleg utfall som dette, seier Eikeskog.

Førarhytta er nokså inntakt, men dei omkomne har blitt kasta gjennom frontruta og hamna under køyretøyet, i følgje Eikeskog.

– Dei ville nokså sikkert ha overlevd om dei hadde hatt belte på seg, seier han.

Begjærte obduksjon

Lensmann på Stord, Bernt Norvalls, stadfestar at føraren ikkje hadde bilbelte på seg før ulukka.

– Det er også grunnen til at han har blitt kasta ut av køyretøyet. Dottera har truleg sove i senga bak i styrehuset. Der er det ikkje bilbelte, så vidt eg veit, seier han.

Norvalls seier det er to ting som må avklarast no.

– Det eine er å finne ut kva fartsskrivaren i bilen seier. Vi vil vite kva fart han hadde før ulukka, og at han hadde hatt dei nødvendige kvilepausane. Det er for å utelukke at han kan ha sovna bak rattet. Det andre er at vi har begjært obduksjon, for å utelukke at han kan ha fått eit illebefinnande eller hjarteinfarkt, eller liknande.

Vogntog-ulykke på Stord

Vogntoget vart heist opp på vegen for nærare undersøkingar torsdag føremiddag.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås