NRK Meny
Normal

– Hadde ikkje vore ei sak i Oslo

– Det hadde ikkje blitt teke ut tiltale om dette var i Oslo, seier forsvararen til ein av dei tiltalte i Noregshistorias største menneskehandelsak.

Roland Kjeldahl

Forsvarar Roland Kjeldahl meiner menneskehandelsaka som går føre seg i Bergen, ikkje hadde blitt tatt opp for retten i Oslo.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Menneskehandelsaka som starta i Bergen Tingrett i dag, burde ikkje vore for retten i det heile, meiner fleire av dei seks forsvararane.

Saka er den største av sitt slag i noregshistoria.

– Dersom ein ynskjer eit oppgjer med denne kulturen bør det skje på eit politisk nivå, ikkje av politiet i Bergen, meiner forsvarar Are Bohne.

Fyrste tiltale mot Romfolket

Tre kvinner og tre menn frå Romania er tiltalte for grov menneskehandel. Ifølgje tiltalen skal dei seks ha utnytta fire jenter mellom 13 og 17 år til å tigge, stele og å selje falske gullsmykker på gata i Bergen og fleire andre stadar i Noreg og Sverige.

Det er fyrste gong nokon frå Romfolket vert tiltala for menneskehandel i Noreg.

– Hadde ikkje skjedd i Oslo

Forsvarar Roland Kjeldahl trur ikkje det hadde blitt tatt ut tiltale dersom det heile hadde skjedd i Oslo.

– Fordi sigøynarar som minoritetsgruppe har vore synlege i samfunnet lenger i Oslo enn i Bergen, og ein har blitt meir vane med kulturen deira, seier han.

Han meiner tiltalen er eit resultat av politiet si misforståing av romfolket sin kultur for å reise rundt og tigge og å selje smykke. I tillegg til arrangerte ekteskap i svært ung alder.

– Vanskeleg å vete

Nokre av tiltalepunkta er ein del av romfolket sin kultur, meiner NOVA-forskar Ada Ingrid Engebretsen.

Ada Ingrid Engebrigtsen

– UVANLEG: Forskar på romfolket Ada Ingrid Engebretsen, seier ho aldri har høyrt om arrangert ekteskap heilt ned i elleveårsalderen, slik ein av rumenarane i saka er tiltalt for.

Foto: Pressebilete / NOVA

– Å vere med andre i storfamilien på reiser for å tigge og liknande er vanleg, men om dei har gjort noko kriminelt, vil dei sjølvsagt sei dei vart tvinga om politiet tek dei, seier ho.

Ho seier det er vanskeleg å vete kva som er sanninga i ei slik sak.

– Men eg har aldri høyrt om ein elleveåring i eit arrangert ekteskap, sjølv om slike ekteskap er vanleg i ung alder, seier Engebretsen.

– Tatt ut av samanheng

– Her heng ein seg opp i detaljar som ein tek ut av samanheng og slik vert det lettare å assosiere dei med ulovlege forhold. Til dømes barnearbeid og tvangsekteskap. I Oslo har ein blitt meir vane med at dette er uttrykk for kulturforskjellar, meiner Kjeldahl.

– Eg trur ikkje det er eit bevisst mål å komme ein kultur til livs, men eit snev av uvitskap som har fått for stor utbredelse, seier han om den lange lista med tiltalepunkt mot rumenarane.

– Bergensarane er internasjonalt orienterte like godt som alle andre, men forholdet mellom påtalemakta og sigøynarane som vart tekne i denne saka, forbausar meg, seier Kjeldahl.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås