NRK Meny
Normal

Slepte leddbuss utan bremser og styring

Sjåføren fekk ikkje køyra ein meter lenger då politiet oppdaga det 37 tonn tunge buss-slepet frå Estland. – Han hadde ikkje hatt sjanse til å stoppa om han måtte bråbremsa.

Bergingsbil frå Estland med Skyss-buss på slep stoppa på Voss

ELENDIGE BREMSER OG DÅRLEG STYRING: Då biltilsynet på Voss

Foto: Sjur Nesbø / Statens vegvesen

Det var måndag denne veka at politiet fekk fleire meldingar om ein noko spesiell transport på veg vestover på E16 i Hordaland. Ein bergingsbil med ein lang leddbuss på slep skapte nemleg fleire trafikkfarlege situasjonar.

På Skulestadmoen på Voss var det stopp. Den estiske sjåføren i 60-åra fekk ikkje køyra ein meter lenger.

– Me stoppa transporten og tok den med til Biltilsynet. Totalt var dette slepet på 29 meter. I tillegg var taubilen i dårleg teknisk stand. Hastigheita var på maks 25 km/t, seier politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand til NRK.

Elendige bremser og dårleg styring

Det viste seg at sjåføren har køyrt heilt frå Estland med transporten. Først når den kom til Hordaland og E16 har telefonane hjå politiet og Vegvesenet byrja å ringe.

– Når vi undersøkte bilen på tysdag fann vi veldig dårlege bremser og stor slark i bremsesystemet. I tillegg var det dårleg feste mellom bergingsbilen og leddbussen, seier Sjur Nesbø ved Biltilsynet på Voss.

Han omtalar transporten som teknisk heilt uforsvarleg og seier det berre er flaks som har hindra alvorleg ulukke.

– Med så dårlege bremser og ei totalvekt på 37 tonn, så hadde ikkje sjåføren hatt sjanse om han måtte bråbremsa.

Saftig bot

– Det var heilt greitt at vi tok han til sides og gav han ein pause for å sei det sånn, seier Aarsand i politiet.

Han forklarar at transporten har vakt reaksjonar fordi den har skapt trafikkfarlege situasjonar.

– Heile greia ser svær og voldsom ut. Og når vegane er slik som dei er her, så reagerer folk. Vi er veldig glad for at folk tipsar slike ting inn til oss, det bidreg til at vegane våre blir tryggare, seier Aarsand.

På biltilsynet på Voss vart det konstatert brot på vegtrafikkloven, politimelding og avskilting på staden. Sjåføren fekk ei bot på 10.000 kroner som han har vedtatt å betala.

– Trist sak

Leddbussen skulle leverast til Tide i Bergen. Teknisk sjef Jan Helge Sandvåg seier til NRK at bussen har vore på verkstad i Estland for renovering.

– Dette er ein trist sak. Vi var ikkje kjent med at selskapet ikkje hadde papira i orden. Vi har hatt eit langt samarbeid med dei og har oppfatta dei som ein seriøs aktør.

Tide kjem no til å gå selskapet nærare i sømene ved neste oppdrag.

– Vi har ingen andre negative erfaringar med selskapet, men vi kjem no til å stille strengare krav og kontrollere at dei har papira i orden.

Falck henta leddbussen på Voss og den kom til Bergen i natt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.