– Hadde flaks som ikkje blei spidda av autovernet

Ein mann er sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus etter ei bilulukke i ved Ænes i Kvinnherad. – Han har hatt utruleg flaks. Dette kunne gått mykje verre, seier Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt.

grenda

AUTOVERNET GJENNOM FRONTRUTA: – Det er utruleg flaks at det ikkje sat nokon i passasjersetet. Då kunne det heilt klart ha gått mykje verre, seier Kjersti Eidsnes ved poltitiet i Hordaland.

Foto: Morte Nygård/GRENDA

Det var klokka 18.03 at naudetatane rykka ut til Kvinnherad etter at ein bil køyrte i autovernet på riksveg 551 ved Ænes.

– Føraren av bilen var fyrst bevisstlaus ifølgje vitne, men han var bevisst då ambulansepersonell kom på staden, seier Eidsnes.

Med luftambulanse til Haukeland

Bilen blei treft av enden av eit autovern som gjekk gjennom frontruta på bilen.

– Akkurat korleis dette gjekk til, anar me ikkje. Det er utruleg flaks at det ikkje sat nokon i passasjersetet. Då kunne det heilt klart ha gått mykje verre, seier Eidsnes.

Sjølv om mannen var vaken då ambulansepersonell kom på staden, valte dei å rekvirere luftambulanse fordi mannen hadde fallande blodtrykk, noko som kan vere teikn på indre skadar.

Tilstanden til mannen er uvisst, ifølgje politiet.

(Artikkelen held fram under biletet)

bil spiddet

FLAKS: Føraren av bilen er frakta med luftambulanse til Haukeland. Skadeomfanget er førebels uvisst, men mannen var ved bevisstheit.

Foto: Morten Nygård/GRENDA

Mistanke om ruskøyring

Det er mistanke om at mannen, som er frå Aust-Europa, køyrte bilen i rusa tilstand.

– Det er tatt blodprøve av han, og me skal sjølvsagt avhøyre han når han er i stand til det, seier Eidsnes.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

Vegen er open

Entreprenør er på veg for å ta seg av skadane på autovernet som stikk litt ut i vegen.

Vegen var stengt ei kort periode etter ulukka, men klokka 20.15 flyt trafikken greitt på staden, ifølgje politiet.

NRK oppdaterar saka