Hopp til innhold

Kjelder til NRK: – Sekkingstad skal vera ved god helse

Abu Sayyaf-opprørarane har sloppe fri eit filippinsk gissel fredag, stadfestar den filippinske hæren. Dei er sikker på at det attverande gisselen, Kjartan Sekkingstad, er i live og i god form.

Kjartan Sekkingstad

FANGE: Kjartan Sekkingstad skal vera i god form, etter det den filippinske hæren har fått meldingar om.

Foto: Privat

Den filippinske hæren stadfestar at den filippinske kvinna Marites Flor, som er blitt halden som gissel saman med Kjartan Sekkingstad, fredag er sleppt fri av Abu Sayyaf-opprørarane.

Det skjer ei veke etter at hennar kanadiske kjærast, Robert Hall, vart likvidert av geriljaen.

– Ho vart sleppt fri tidleg på morgonen, i provinsen Sulu. Vi veit førebels ikkje om det er betalt løysepengar, fortel politiets talsmann, Wilfredo Cayat, til AFP.

– Vår informasjon tilseier at han har det bra

Norsk UD har tidlegare i dag opplyst at dei ikkje veit noko meir om situasjonen til Sekkingstad, men ein talsmann for det filippinske militære opplyser til NRK at Sekkingstad truleg er i live.

– Han er ved god helse. Viss ikkje, ville dei vera tvungen til å frigje han også. Me har etterretningsinformasjon frå landsbyane og frå vitne, som indikerer tilstanden hans. Dei ville fortalt oss om han ikkje hadde det bra, seier Filemon Tan, talsmann i den filippinske hæren.

Dei arbeider no hardt for å få han frigjeven.

– Våre styrkar er på bakken og gjer sitt beste for å redda Sekkingstad. Me sirklar inn området gisseltakarane er på, og det blir stadig vanskelegare for dei å bevega seg, seier Tan.

Gisler

I FANGENSKAP: Dette bildet av dei fire gislane blei publisert på ein islamistisk Twitter-konto i oktober. Frå venstre: Marites Flor, Robert Hall, John Ridsdel og Kjartan Sekkingstad.

Foto: Skjermdump fra Twitter

Samanheng med angrepet tysdag

Leiren der nordmannen vert halden fanga ligg på den filippinske øya Jolo. Tysdag gjekk militæret til åtak på leiren, i eit forsøk på å redde Sekkingstad og Marites Flor.

Tre opprørarar vart drepne i skotvekslinga, medan 16 soldatar vart skadde.

Filemon Tan trur lauslatinga har samanheng med angrepet tysdag.

– Det konstante presset me set på denne gruppa har ein effekt. Kanskje dei har vanskar med å flytta seg med gislane, og at dei difor har frigitt ein av dei slik at me ikkje skal klara å nå dei att, seier Tan.

UD har framleis ingen konkret informasjon om Sekkingstad.

– Me følger situasjonen tett, men har ingenting nytt om Sekkingstad. Me har nær kontakt med den filippinske hæren, seier kommunikasjonssjef i UD, Frode O. Andersen.

Bror til Sekkingstad: – Ting er uklart

NRK har vore i kontakt med bror til den kidnappa nordmannen, Odd Kåre Sekkingstad.

Han seier dei framleis ikkje veit noko meir om situasjonen, men at dei er i tett dialog med UD.

– Me håpar no på ei positiv løysing, men ting er framleis veldig uklart og me har ikkje høyrd nok meir om korleis det går med han, seier Sekkingstad.

Visste ikkje at ho kom til å bli sett fri

Den filippinske nettstaden Sunstar skriv at den filippinske kvinna ikkje var klar over at ho kom til å bli lauslaten fredag morgon.

– Eg hadde akkurat vakna, eg hadde ingen aning om at eg kom til å bli sleppt fri, seier kvinna til media.

Ho kunne ikkje identifisera staden kor var blitt halden som gissel.

Ho fortalde også at kidnapparane trua med å drepe den attverande gisselen, Kjartan Sekkingstad, om kravet om løysepengar ikkje blei innfridd.

Kvinna får legehjelp på ein militærbase på Mindanao, ifølge Sunstar.