Hopp til innhold

– Gasslekkasjen viser den uheldige effekten av kostnadskutt i oljebransjen

Petroleumstilsynet meiner nesten-eksplosjonen på Mongstad i fjor er eit alvorleg varsku for ein pressa bransje.

STATOIL MONGSTAD

GASSLEKKASJE: Petroleumstilsynet har granska den alvorlege hendinga på Mongstad i oktober.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Denne hendinga skil seg ut. Med denne gasslekkasjen ser vi den uheldige effekten av kostnadskutt som vart gjennomført for fem-seks år sidan, seier direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet.

I dag legg ho fram den ferskaste granskingsrapporten (ekstern lenke) frå tilsynet. Det har vore fleire av dei det siste halve året, etter uvanleg mange alvorlege hendingar på Statoil sine anlegg.

Men Myhrvold meiner hydrogenlekkasjen på Statoil sitt oljeraffineri i oktober i fjor er heilt spesiell og at det er første gang på lenge ein ser så tydeleg kva som kan bli konsekvensane av innsparingar i oljebransjen.

Petroleumstilsynet ropar no eit varsku til resten av næringa.

– Dei kutta som skjer i bransjen no må ein forstå konsekvensen av både på kort og lang sikt. Det er viktig å lære av hendinga i haust, fordi kostnadskutta skjedde ein periode der Statoil hadde låge marginar og var nøydde til å gjera prioriteringar.

Anne Myhrvold

VARSKU: Direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet åtvarar oljebransjen om å ta for lett på kostnadskutt.

Foto: Sander Lid Fiskå

Rustent røyr

600 tilsette vart evakuert då alarmen braut ut 25. oktober i fjor. To operatørar undersøkte eit røyr med hydrogengass i, og mistenkte ein mindre lekkasje.

Ein ventil såg ut til å stå open, men då den eine operatøren skulle stenga den igjen, knakk heile røyrstussen rett av.

Både Statoil og Petroleumstilsynet er samde om at svært lite skulle til før det skjedde ein stor eksplosjon. Då ville også fleire arbeidarar vore i livsfare.

Rust på både ventilen og røyret får skulda for at stussen knakk av. Sokalla korrosjon under isolasjon er eit stort problem i heile bransjen og det er ikkje første gong at Petroleumstilsynet granskar ein lekkasje på Mongstad på grunn av dette.

Lekkasje Mongstad

RUSTA: Her er røyrstussen og røyret det brakk av frå ved bensinanlegget på Mongstad.

Foto: Statoil

Kraftig kritikk

Petroleumstilsynet har avdekka fleire alvorlege avvik etter å ha granska lekkasjen i oktober.

  • Vedlikehaldet av anlegget var ikkje forsvarleg.
  • Risikovurderinga før inspeksjonen av hydrogenrøyret var mangelfull.
  • Under evakueringa hadde ein ikkje god nok kontroll på personellet på anlegget. Mellom anna var det to personar som aldri forlét anlegget.

Igjen får Statoil pålegg om å skjerpa både rutinar og risikovurderingar. Petroleumstilsynet åtvara om at noko slikt kunne skje ni månadar før lekkasjen. Dei er kritiske til det dei meiner har vore ei nedprioritering av overflatevedlikehaldet på Mongstad over fleire år.

– I 2011 og 2012 kutta Statoil i budsjettet. Korrosjon har vi hatt eit ekstra fokus på under fleire tilsyn. Her har ikkje vedlikehaldsprogrammet vore godt nok og Statoil må få på plass betre inspeksjonsrutinar og betre vedlikehald, krev direktør Anne Myhrvold.

Brukar meir pengar

I si eiga gransking av hendinga vedgjekk Statoil alvorlege feilprioriteringar i vedlikehaldet. No lovar dei at dei har lært av lekkasjen i haust.

– Vi har allereie sett i gang fleire tiltak, der det viktigaste er å intensivera vedlikehaldet. No vil vi gå grundig gjennom granskingsrapporten og svare Petroleumstilsynet på det dei peikar på, seier pressekontakt Elin Isaksen.

Ho legg til at Statoil i år har dobla midlane for å kjempa mot rusten på Mongstad. Det totale vedlikehaldsbudsjettet på anlegget er på ein halv milliard kroner.