– Frykt for lokkemenn fører til overrapportering

Fleire episodar med lokkemenn og overfallsforsøk i Hordaland fylke skaper mykje frykt og kan føre til overrapportering. – Me ser etter det som me trur stemmer med situasjonen, seier forskar Pål Grøndahl.

Pål Grøndahl

SER MØNSTER: Dersom ein høyrer om ei lokkemann-sak, så har ein tendens til å sjå etter liknande tilfelle, seier rettspsykolog Pål Grøndahl.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Dei siste seks vekene har det i Hordaland fylke vore seks episodar der ungar har blitt utsett for lokkemenn.

I tillegg har det vore to grove tilfelle av overfallsforsøk der ingen er arresterte.

Rettspsykolog og forskar, Pål Grøndahl, seier det ofte blir oppstuss om slike saker, og at det difor kan komme tilfelle av overrapportering.

– Me byrjar å sjå etter liknande episodar fordi me blir veldig fokusert på det, og me kan fortolke ein nøytral situasjon slik at ein lurer på om desse situasjonane er ein lokke- eller overgrepssak, seier han.

– Har smitteeffekt

Per Algerøy

IKKJE LOKKEMENN: Politioverbetjent Per Algerøy seier ein del lokkemann-saker som har blitt rapportert har vist seg å vere misforståingar.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Per Algerøy som er politioverbetjent på Sotra seier at ikkje alle meldingar om lokkemenn er like reelle.

– Ein del har me klart å avklare, nokon er oppdikta, og nokon er misforståingar, men ein del har me ikkje funne ut av, seier han.

Pål Grøndahl seier det er viktig at ein likevel ikkje skal undervurdere dei episodane som blir rapportert.

– Det kan også skje ein del episodar som me aldri får vite om, så det er ein viss risiko i både under- og overrapportering, seier Grøndahl.

– Ein viss smitteeffekt er det nok i desse sakene, seier politioverbetjent på Sotra, Per Algerøy.

– Ein blir til mange

Grøndahl seier at ei sak blir til fleire, er nokså vanleg, og at ein kan snakke om «The white van syndrome» i lokkemenn-saker.

– Det er rett og slett at ein har sett ein «white van» på film, kvar barn blir dratt skrikande inn i ein kvit varebil, eventuelt at ein har lest det i ei bok, og så byrjar me å sjå etter slikt, seier Grøndahl.

– Den eine episoden blir til ganske mange. Me legg merke til det me ser, og så drar me samanhengar der det kanskje ikkje er det, seier han.

Grøndahl seier det er viktig å ikkje bli for engsteleg, men at det også er viktig å ta ansvar og melde sakene.

– Det er betre å rapportere ein episode for mykje enn ein for lite, men me har ein tendens til å byrje å sjå etter mønster, seier han.

– Kan framleis tenkje på det

Spesialpedagog Jon-Håkon Schultz

SMITTA: Forskar Jon-Håkon Schultz seier barn som har høyrt om lokkemenn, kan spreie frykt seg imellom.

Foto: NRK

Jon-Håkon Schultz som er forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress oppfordrar foreldre til å snakke med barna sine om overfall og lokkemenn, også i god tid etter sakene.

– Nettopp fordi det har vore så mykje i media i ein lang periode, så har barn fått med seg dette, og det er ein viss mogelegheit for at barn framleis går og tenkjer på dette, seier han.

Schultz seier det er viktig å seie til barna at årsaka til at også vaksne snakkar mykje om sakene er fordi dei skjer så sjeldan, slik at barn ikkje spreier unødvendig frykt seg imellom.

– Barn snakkar saman fordi dei blir urolege, nokon synst det er spanande, og nokon blir veldig redde. Det er nok viktig å framleis sjekke ut kva barna går og tenkjer på no, om dei framleis er redde, seier forskar Jon-Håkon Schultz.

HØYR RADIOREPORTASJE:

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.