Hopp til innhold

– Frp skadar seg sjølv

Valforskar Frank Aarebrot trur det var uklokt av Frp å vrake Terje Søviknes.

Frank Aarebrot i NRK sitt studio
Foto: NRK

Terje Søviknes

Terje Søviknes.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Sundag tapte Terje Søviknes valet om sentralstyreplass mot stortingsrepresentant Bård Hoksrud.

Bompengar får skulda

Valet var spådd til å vera det mest spennande under Frp sitt Landsmøte, og stortingsrepresentanen slo Os-ordføraren med 131 mot 99 stemmer.

Skulda får striden som har vore i Frp om korvidt lokalpolitikarar skal få lov til å inngå kompromiss ved å innføre bompengar, noko FrP har programfesta at dei er mot.

LES ÒG: Frp stemte for bompenger

LES ÒG: Bompengestrid kan stoppe Søviknes

LES ÒG: Søviknes tapte valget

– Driv sjølvskading

Professor og statsvitar Frank Aarebrot trur Frp skader seg sjølv når dei ikkje vel Terje Søviknes til sentralstyret.

– Det å gjennomføre ein skikkeleg politikk lokalt, krev at ein samarbeider med andre parti. Og det har jo Søviknes forstått for lenge sidan. Men det er jo ganske interessant at dei vraker ein lokalpolitikar til fordel for ein stortingspolitikar. Inne på Stortinget vert kanskje lokalpolitiken litt fjern.

– Trur du Frp skyt seg sjølv i leggen?

– Ja, eg trur nok det er dårlege nyheiter for FrP at dei vraka Søviknes. Men det er jo gode nyheiter for dei andre partia. Så eg trur nok at Siv Jensen er litt skuffa over at landsmøtet vraka han, for eg tviler på at valkomitéen i FrP føreslår folk som Siv Jensen ikkje vil ha der.

Gamle spøkelse dukkar fram

Aarebrot trur ikkje på at det kun er bompengespørsmålet som speler inn. Han trur gamle spøkelser framleis lusker i Frp-gangen.

– Eg tippar dei nytta bompengesaka offentleg og så kviskra dei i korridorane om sexskandalen. Det er vel slik det er.