NRK Meny
Normal

Dobling av direktørar i Bergen: – Frekt å kalle det for likestilling

Opposisjonen reagerer sterkt på byrådet si forklaring på kvifor Bergen kommune på to år har fått 15 nye direktørar.

Sofie Marhaug

FREKT: Byrådets direktørdobling gjer at Sofie Marhaug i Raudt har fått svekka tilliten til dei.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg kan ikkje seie eg er stolt av at vi har fått fleire direktørar. Titlar er ikkje så viktig for meg. Men eg er stolt av at vi har fått retta opp i ein urettvis situasjon, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

Onsdag fortalde NRK at Bergen kommune har auka talet på direktørar frå 17 til 32 på berre to år.

I 2015 hadde kommunen 13 mannlege og fire kvinnelege direktørar. No er biletet annleis: 17 menn og 15 kvinner har direktørtittel i Bergen.

– Dei nye direktørane har kome i det vi ofte omtalar som mjuke sektorar, som pleie, omsorg, rus og sosialtenester. Der har ikkje tittelen vore brukt, i motsetning til i meir mannsdominerte stillingar innan til dømes bygg og anlegg, forklarer byrådsleiaren.

Men argumentet om at direktørboomen er eit likestillingstiltak, kjøper ikkje alle i opposisjonen.

– Eg synest det er ganske frekt å nytte likestilling som argument, seier Sofie Marhaug i Raudt.

– Byrådsleiaren tek ikkje ansvar

– Dersom ein verkeleg ønskjer å gjere noko for kvinnedominerte yrke, skulle ein jo auka løna til helsearbeidarar i Bergen kommune, ikkje til direktørane, seier Marhaug.

Heller ikkje Høgres Hilde Onarheim er overtydd.

– Dei som har fått direktørtittel har fått ei mykje høgare lønsjustering enn andre medarbeidarar. Det blir feil, og Schjelderup tar ikkje ansvar. Han må vere tøff nok til å seie at han har ansvaret, meiner Onarheim.

Hilde Onarheim

KRITISK: Hilde Onarheim (H) meiner byrådsleiaren ikkje tek tilstrekkeleg ansvar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg har ansvar for alt som skjer i Bergen kommune. Det er mi plikt, kontrar Schjelderup.

8,6 prosent i lønsauke

Direktørar i kommunen tener i underkant av ein million kroner i året. Dei har hatt ei lønsauke på 77.000 kroner, eller 8,6 prosent, over to år.

Schjelderup meiner det ikkje er ein mykje større auke enn andre i kommunen.

– Det viktigaste er at vi har fått ein betre kjønnsmessig fordeling.

Harald Schjelderup

MEIR LIKESTILLING: Byrådsleiar Harald Schjelderup seier dei nye direktørstillingane er eit tiltak for meir likestilling. I bystyret onsdag sa han at kommunen har ønsket lik praksis for titlar i kvinne- og mannsdominerte deler av kommunen.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

– Kunne ein ikkje heller redusert talet på direktørar i andre etatar?

– I arbeidslivet tar ein ikkje frå folk godar dei har opparbeidd seg, seier byrådsleiaren.

– Byrådet fråskriv seg ansvaret for noko som går an å styre politisk. Det svekkjer tilliten til dei, meiner Marhaug.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik