NRK Meny
Normal

– Framleis tilbakehaldne med å etterforske narkosaker

Polimeisteren i Vest politidistrikt bekreftar at politiet framleis nedprioriterer narkotikasaker, til trass for varslarsaken.

Kaare Songstad

STÅR FOR OMPRIORITERINGANE: Politimeister Kaare Songstad meiner det er riktig å prioritere overgrep mot born over narkotikakriminalitet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– 2016 skulle vere eit år der vi var i normalt drift, men denne perioden har vi fått inn fleire større saker på andre kriminalitetsområde, som har gjort at leiinga måtte omprioritere, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad.

Han står fast på at dei sakene politiet har prioritert i år rangerer over fleire alvorlege narkotikasaker.

Nedprioriteringa av narkotikafeltet i Bergen kom fram i ein 52-sider lang varslar-rapport.

– Vi må forstå denne saka i lys av den spesielle situasjonen vi har vore i, særleg mellom 2013 og 2015. Vi måtte ta grep for å endre på porteføljen vår, vi hadde for mange saker og måtte få balanse i denne kjeda, seier Songstad.

Under Debatten på NRK1 torsdag kveld bekreftar han at politiet framleis er tilbakehaldne med å starte nye saker på organisert narkotikakriminalitet.

– Ille

– Politiet går utanfor si styresmakt og avkriminaliserer grov kriminalitet, seier kommentator Bergens Tidende, Eirin Eikefjord.

Ho meiner problembeskrivinga til Songstad er rett, men at løysinga er feil.

– Dette er noko som skal løysast gjennom leiing og ikkje lovbrot. Dette handlar om fråvær av leiing. Ressursane blir brukt heilt feil, seier Eikefjord.

– Når politifolk blir bedne om å ikkje gripe inn mot alvorleg, grov kriminalitet er det eit brot på handleplikten, meiner ho.

Songstad er ikkje einig.

– Dette er godt innanfor det handlingsrommet ein har som leiar i ein politiorganisasjon. Dette er leiing i praksis. Vi har tatt ansvar og gjort vanskelege val, og meiner dette er riktig, seier politimeisteren.

Eirin Eikefjord og Sigve Bolstad i debatt

DEBATT: Kommentator i BT, Eirin Eikefjord og leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, deltok i Debatten på NRK1 torsdag kveld.

Foto: Skjermdump NRK

– Politiet si handtering framstår nok som merkeleg for publikum, seier Sigve Bolstad som er leiar i Politiets Fellesforbund.

– Eg kan vere einig med Sognstad i at det er beinharde prioriteringar kvar dag i kvart politidistrikt. Men har ein tilfelle av grov art, som det kan sjå ut som det er her, så går det rett og slett på tilliten, seier Bolstad.

Vil vinne att tilliten

Går grove narkotikaforbrytarar lett fri i Vest politidistrikt?

– Nei, slik er det heldigvis ikkje, seier Songstad.

Han understrekar igjen at dette har vore ein spesiell situasjon.

– Vi har eit bra nivå på kompetanse og kapasitet til å handtere denne type kriminalitet. 2016 har vore spesiell, men eg trur vi skal vise gjennom våre resultat etter kvart at dette får vi til på ein god måte. Vi er nøydde til å ta høgde for ein brist i tilliten til politiet, men skal vise borgarane at dette fikser vi på sikt.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik