Hopp til innhold

Dei fleste sit berre inne på mottaka, men fotball får dei med ut

Asylsøkar Nikola Bissai arrangerte afrikansk fotballturnering i Odda for å gjera noko positivt for dei mange flyktningane som bur på mottak.

samhold

KAMP MED SAMHALD: Fredag vart det arrangert afrikansk fotballturnering i Odda.

Foto: Tale Hauso

lagoppstilling

NASJONALSONG: Før kampen starta var det klart for nasjonalsongane til Etiopia og Somalia. Etter litt tekniske problem, der mobiltelefonen som spelte nasjonalsongen ringde og kutta songen midt inni, gjekk alt som det skulle.

Foto: Tale Hauso

Fredag var det tid for finale i den afrikanske fotballturneringa; United African Championship på Odda stadion.

Fyrste kamp vart spelt onsdag 14. mai og no var tida inne for å kåra ein vinnar; Etiopia eller Somalia.

Ni lag med til saman med ca. 70 fotballspelarar hadde meldt seg på fotballturneringa.

Dei fleste av desse bur på flyktningmottak i Odda kommune og Ullensvang Herad.

Sat berre inne

initiativ

INITIATIVTAKAR: Nikola Bissai står bak den afrikanske fotballturneringa.

Foto: Tale Hauso

Arrangør og initiativtakar Nikola Bissai er frå Kamerun. Han kom til Hardanger i januar i år som asylsøkjar.

Ønsket å gjera noko positivt for dei mange flyktningane som bur på mottak gjorde at han tok initiativet til å arrangera turneringa.

– Det er så mange som berre sitte inne på mottaket, og eg tenkte at det kunne hjelpa å få dei med ut, seier Bissai.

I Kamerun var Bissai med i eit frivillig prosjekt som trenar, der han og var med å arrangera fotballcupar.

Han tok med erfaringane sine og starta opp «United African Championship».

– Eg gjer detta for å spreia glede og for at bebuarane skal få eit aktivitetstilbod. Mange har det vanskeleg og er i ein stressa situasjon, difor ville vi prøva å få dei til å tenka på andre ting, seier Bissai.

Fotball skapar samhald

Slagordet for «United African Championship» er «Love, Peace and Prosperity».

Desse orda vart brukt for å minna på spelarane at sjølv om dei kjem frå land som er i krig eller konflikt mot kvarandre, så kan ein vera saman og spela fotball.

– Ein kan møtast og ha det kjekt i lag, trass i konfliktar elles. Fotball kan vera vegen til samhald, seier Bissai.

(Artikkelen held fram under videoen)

Afrikansk fotballturnering

VIDEO: Sjå klipp frå finalen i den afrikanske fotballturneringa, United African Championship.

– Turneringa har vore ein kjempesuksess og folka på asylmottaket er gladare og meir engasjerte enn nokon sinne. Bissai har verkeleg gjort ein kjempejobb, seier Elin Myran i Frivillighetssentralen i Odda.

Ho og fleire i Frivillighetssentralen har vore med og hjelpt Bissai med organisering og tilrettelegging av turneringa.

– Eg synest det var heilt fantastisk då Bissai kom med detta forslaget. Det er kjempebra når folk drar ting i gang og gjer noko så positivt som detta. Han brenn for fotball og i tillegg så ser han den gleda og det samhaldet som fotball skaper, seier ei oppglødd Myran.

Lysare syn på livet

Adan

HEIAGJENG: Somalia hadde sin eigen heiagjeng på tribunen.

Foto: Tale Hauso

Myran har fått mange gode tilbakemeldingar etter dette arrangementet.

– Dei som har vore med å spelt har sagt at dei har fått eit lysare syn på livet. Dei har fått eit betre samhald og er stolte over det dei har gjort, seier Myran

Den høgtidlege fotballturneringa skulle starta klokka tre fredag ettermiddag, men sidan dette var ei afrikansk turnering, så gjaldt «Afrikatid» her – difor var ikkje kampen i gang før ein time etter skjema.

– Vi er jo veldig styrt av klokka her i Norge, men «Afrikatid» er jo ein time etter avtaletidspunktet, seier Myran.

Ho og dei andre i Frivillighetssentralen oppdaga fort at tidsavtalar var forskjellige i Norge og i afrikanske land.

– Det har vore to fantastiske veker. Vi har lært kva «Afrikatid» tyder, det har vore masse rot, ting som har vore uorganisert og «herleg» impulsivitet, som vi har lært masse av. Det har vore kjempekjekt, seier Myran.

– Som Real-Madrid spelarar

Bissai var dommar i finalen og nøgd etter gjennomført turnering.

– Dette har vore veldig kjekt. Folk er så glade, så då blir eg og glad. Dei som var med her i dag speler som Liverpool og Real-Madrid spelarar. Dei er veldig flinke, seier Bissai og ler.

adanadan

BLIR GLAD: Abdi Nasir Adan meiner at fotball får ein til å tenka på andre ting.

Foto: Tale Hauso

Dette er fyrste gong at noko liknande vert arrangert i Hardanger, og Bissai håpar at han kan fortsetja med fleire turneringar.

– Eg vil prøva å organisera dette igjen, det har vore veldig stort for meg. Folk blir jo så glade og lukkelege, seier Bissai.

-Tenkjer på andre ting

Abdi Nasir Adan var med på turneringa og spelte for Etiopia.

– Eg synest dette er kjempebra. Folk har som oftast ikkje så mykje å gjera på når ein bur på asylmottak. Så dette gjev oss høve til å tenkja på noko anna. Folk er vanlegvis uroa og har det ikkje så lett, men når dei spelar fotball så tenkjer ein på andre ting og ein blir glad, seier Adan.

I finalen mellom Etiopia og Somalia, vann Somalia til slutt kampen 7–0.